Bok

Presist og avslørande om bloggarar

Gine Cornelia Pedersen skriv med snerten presisjon om manglande sjølvtillit.

Gina Cornelia Pedersen er forfattar og skodespelar.
Gina Cornelia Pedersen er forfattar og skodespelar.
Publisert

Ved sida av Kritikarprisen er Tarjei Vesaas’ debutantpris noko av det gjævaste ein forfattar kan få her i landet. Dersom ein får begge prisane for same verket, er det ein sensasjon. Det har skjedd berre éin gong: I 2020 fekk Karoline Brændjord begge prisane for diktsamlinga Jeg vil våkne til verden (Kolon 2020). Karl Ove Knausgård fekk Kritikarprisen for debutromanen Ute av verden (Tiden 1998), men ingen debutantpris.

Stor tillit

Gine Cornelia Pedersen (f. 1986) debuterte i 2013 med romanen Null, og i tråd med innleiinga til denne meldinga fekk ho Tarjei Vesaas’ debutantpris og blei dermed vist stor tillit frå det litterære miljøet her til lands. Sidan debuten har ho gitt ut enda to romanar, og i desse dagar er ho ute med Åtte, ei novellesamling som består av nettopp åtte noveller. Alt tyder på at ho er i ferd med å posisjonere seg i samtidslitteraturen.

I dei fleste novellene er det unge, kvinnelege stemmer som kjem til orde, og på ulike nivå avslører dei ein total mangel på sjølvinnsikt og sjølvrefleksjon i sosiale samanhengar der det meste kan førast tilbake til sosial angst. For å dekke over den sosiale angsten har fleire av dei gitt seg i kast med blogging, der dei har følgjarar og sjølv følgjer andre bloggarar som dei har ei ukritisk beundring for.

Pedersens ironiske distanse avslører overflatiske, sjølvopptatte og glansa liv utan substans og innhald utover klede, sminke, mat og kva det måtte vere. Dei er fanga i ei nettverd der den sosiale angsten blir kompensert med draumar, hemn mot mobbarar frå barneskolen, private diagnostiseringar, pinlege sjølvutleveringar, svada og flosklar som viser at tomme tønner ramlar mest: «Jeg er så glad for at jeg er kommet til et sted i livet mitt der jeg er blitt så rolig og trygg i meg selv at jeg kan være en lykt i mørket for andre.» Ho som skriv dette, er knapt tjue år.

Gevinsten

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement