JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Om å kontrollera ei tidlegare krise

Wienerkongressen fungerer godt som både realpolitikk og såpeopera.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
To attraktive kvinner var prinsesse Dorothee av Kurland (t.h.), som Talleyrand fekk barn med, og systera prinsesse Wilhelmine, som  Metternich var desperat forelska i.

Foto: Wikipedia

5779
20200327
5779
20200327

Sakprosa

David King:

Vienna 1814: How the Conquerors of Napoleon Made War, Peace, and Love at the Congress of Vienna.

Harmony Books

Mange av oss sit for tida heime i anten tvungen eller sjølvpålagd karantene. Men vi kan ikkje driva heimekontor heile tida. Så vi kan lesa bøker. Eg ser at mange no vil lesa epidemibøker, som Pesten av Camus. Men det kan ikkje vera særleg avkoplande. Så eg vil her tilrå lesinga av ei bok som både tilfredsstiller kravet om å handla om noko alvorleg og gjev oss ein pause frå notida. Ho er skriven av den amerikanske historikaren David King, som har skrive andre uhyggelege bøker: om ein seriemordar i Paris og om Hitlers ølhallkupp. Men Vienna 1814 er meir optimistisk, rett nok mot ein fæl nok bakgrunn.

Korleis var det til dømes i Europa under Napoleonskrigane, då så mange som 7 millionar døydde av krig og svelt i ein periode på 20 år. Litt av ein pest det òg. Verre enn korona. Og korleis vart ein slik «epidemi» kontrollert? Det fine med denne boka, om Wienerkongressen, er at ho handlar om slik kontroll på eit vis som er både historisk grundig og så drivande godt fortalt at vi kan identifisera oss med desse menneska som trass alt søkte freden. Faktisk kunne boka ha vore brukt som dreiebok for ein av desse seriane som HBO eller Netflix lagar, med langt større utbyte enn fantasiseriar som Game of Thrones.

Fredskongress

Wienerkongressen var ein fredskongress som skulle få orden på Europa etter Napoleonskrigane, slik ein tilsvarande hadde forsøkt med freden i Westfalen, som avslutta 30-årskrigen i 1648, og slik ein seinare forsøkte med Versaillestraktaten og Folkeforbundet etter første verdskrigen, og Jalta/Potsdam og SN etter andre verdskrigen. Kongressen, som ikkje hadde noko å seia for Noreg, vi var alt gjevne til Sverige, mot at Bernadotte skifta side, gjekk føre seg frå slutten av september 1814 til juni 1815. Altså etter at Napoleon vart deponert på Elba og Ludvig 18 innsett som konge, til Napoleon hadde kome attende som keisar. Då vart kongressen til ein krigsallianse som sigra ved Waterloo.

Deltakarar var «dei fire store»: Russland med Tsar Alexander I., Austerrike med utanriksminister prins Metternich, Preussen med kanslar Prins Hardenberg og Storbritannia med utanriksminister lord Castlereagh. Frå Frankrike utanriksminister prins Talleyrand, om enn i ein underordna posisjon. Dessutan eit utal tyske kongar og prinsar, til og med en kardinal frå Vatikanet og ein sultan frå Tyrkia, om enn utan stemmerett. «Dei fire store», etter kvart påplussa med Frankrike, Portugal, Spania og Sverige, utgjorde eit slags «tryggingsråd» med vetorett.

Alle desse hadde eitt felles mål: Den franske revolusjonen, og særleg Napoleon, som svikta republikanske ideal og gjorde seg sjølv til keisar, hadde ført opplysningstida ut over alle grenser, bokstaveleg talt. Kongressen ønskte å reversera alt dette. Eineveldige monarkar skulle styra, og landegrensene skulle, med visse unntak, verta som før krigen, men slik at ingen av stormaktene kom betre ut av det, slik at ein kunne få ein stabil maktbalanse i Europa. Og slik vart det. Europa, med nokre unntak, fekk verkeleg fred heilt fram til første verdskrigen.

Men opplysningstida vart ikkje heilt avskaffa og dei franske menneskerettane ikkje helt undertrykte: Dei tyske småstatane fekk gjennomslag for opphavsrett og litt trykkefridom. Og like rettar for jødar, om enn ikkje så lenge. Og ikkje minst fekk britane gjennomslag for å kriminalisera slavehandel. Det var første gongen slike universelle menneskerettar vart tekne i bruk i internasjonal samanheng.

Forhandlingar

Alle dei vekslande forhandlingane mellom partane vert gjort godt greie for av King. Kissinger, som har skrive bok om Wienerkongressen, hylla han, og særleg Metternich, for å ha vore styrt av idealet om realpolitisk maktbalanse, der resultatet til slutt skulle ha vorte halde saman av idealistisk moral. Men slik vert det ikkje framstilt av King. Der er det berre maktpolitikk. Den einaste som hos han appellerer til moral og universell rettferd, er Talleyrand, og han gjer det utvilsamt av di han ikkje hadde nok makt andsynes sigerherrane.

Kongressen varte altså i sju månader. Og forhandlarane var adelsfolk med mykje libido, ikkje keisame byråkratar. Så parallelt med forhandlingane vart Wien omgjort til eit slags Las Vegas, altså eit underhaldningstivoli. Kvar kveld i sju månader vart sein, med dans – «Kongressen dansar», vart det sagt – og hard festing, gjerne til morgonkvisten. Forhandlarane må ha lidd under vedvarande svevnmangel. I tillegg kom all sexen. Monarkar og prinsar gifter seg jo dynastisk, ikkje av kjærleik. Elskarinner fann dei i salongane som var drivne av kvinner, som elles ikkje slapp til i arbeidslivet i salongen kunne dei utøva sterk kjønnsmakt.

To slike attraktivt vakre kvinner var prinsesse Dorothèe av Kurland, som Talleyrand fekk barn med, og søstera prinsesse Wilhelmine, som Metternich var desperat forelska i, og som han brukte netter på å skriva melodramatiske kjærleiksbrev til, medan Alexander vart religiøst kontrollert av den mystiske baronesse von Knüdner. Alexander vart til slutt schizofren og skal ifølgje rykte i staden for å døy i 1825, ha rømt og vorten einebuarmunk i Sibir. Castlereagh vart også galen og skar over strupen på seg sjølv. Som ein skjøner: Her er meir enn nok stoff til mange underhaldande såpeoperaer, noko King får fram med ein drivande litterær stil med stadige scenevekslingar som byrjar med «I mellomtida»…

Eg las boka i éin jafs, utan å tenkja på korona ein einaste gong.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kvart år i perioden 1990–2021 har om lag éin million menneske globalt døydd som følgje av antibiotikaresistens.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

HelseSamfunn

Framtidsrapport frå bakteriefronten

At antibiotika skal slutte å verke, er den store skrekken for helsevesenet verda over. Vi dykkar ned i den grundigaste prognosen som nokon gong er utført for dødsfall som følgje av motstandsdyktige bakteriar.

Christiane Jordheim Larsen

Sauene er henta ned frå fjellet til garden til familien Lützen i Sydradalur for å bli klipte. Ein gong sa dei at ull var gull, men slik er det ikkje lenger. No blir det meste av ulla brend.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Om sau og sjølvstende

Amerika har Kennedy-klanen, Færøyane har Patursson-klanen – og 70.000 sauer.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis