JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Nok eit forsvar
mot sekularisering

Når ein hentar Gud inn i debatten er det som om ein gjer krav på dobbeltrøyst.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4455
20170915
4455
20170915

Debattbok

Red: Espen Ottosen

Kristendom og politikk – En debattbok

Lunde Forlag

Kristendom og politikk er ei debattbok, så difor vert meldinga av boka like mykje eit innlegg i debatten ho inviterer til, som ei vurdering av kor bra ho er som debattbok. Ho er bygd opp slik at fire kristne partipolitikarar kvar først har eit hovudinnlegg, etterfølgt av korte kommentarar frå dei andre tre. Til slutt har alle fire nokre korte kommentarar. Dei fire er Johan Edvard Grimstad frå Sp, Rolf Kjøde frå KrF, Janne Haaland Matlary frå H og Torkild Åmland frå Frp.

Kva debatterer dei? Dels skal dei gjera greie for korleis dei hamna i desse ulike partia, trass i at dei alle er kristne. Dels skal dei meir prinsipielt seia noko om i kva mon deira religion kan og skal skiljast frå politikk.

Når det gjeld dette siste, prinsipielle spørsmålet: Alle vi som deltek i politiske debattar, har med oss grunnleggjande verdiar, kristne, humanetiske, muslimske, ateistiske eller agnostiske eller andre. Heldigvis er det slik i demokratiet vårt at vi har ytrings- og religionsfridom, og det gjeld sjølvsagt også i dei politiske debattane. Difor er det ingen som hindrar nokon i å trekkja religionen sin inn i politikken.

Dobbeltstemme

Men noko heilt anna er om det aukar oppslutninga om standpunktet. Sjølvsagt kan det henda at einskilde kristne som enno er usikre, lar seg overtyda til å verta abortmotstandarar etter at ein politikar har vist til at det er på line med eit direkte bod frå Gud å gå mot abort. Men ikkje-truande vil ikkje bry seg om slik grunngjeving. Bruk av Gud er i strid med likskapen mellom debattdeltakarane. Når ein hentar Gud inn i debatten er det som om ein gjer krav på dobbeltrøyst. Demokrati tyder folkestyre, at menneske styrer, ikkje Gud.

Om ein verkeleg vil deltaka i ein demokratisk debatt, må ein omsetja sine verdiar til eit fellesspråk. I Stortinget kan ingen halda innlegg på framande språk. Alle må bruka det norske fellesspråket, ettersom kommunikasjon er eit krav for demokratisk debatt.

Dette er etter mitt syn så innlysande at ein må spørja seg om kvifor det i det heile teke vert teke opp som problem. Svaret er at det må sjåast i samanheng med ei noko traumatisk sekularistisk utvikling: Statskyrkja er avskaffa, og det vert stadig færre som er aktivt kristne, medan motreaksjonar mot ein aggressiv islam som samansmeltar religion og politikk, vert opplevd som trugande også for kristne.

Religionsforståinga

Kva så med det første spørsmålet? Her får vi sanneleg demonstrert ikkje berre ulik partipolitikk, men like mykje ulik religionsforståing. Senterpartisten Grimstad meiner tydelegvis at Jesus var ein typisk senterpartist: «For meg er Jesus en person som bryr seg om hele mennesket og hele samfunnet. Derfor mener jeg det er viktig at alle får en mulighet til å leve et godt liv i hele landet. Forvalterprinsippet tilsier at vi skal befolke hele Norge, så mye som mulig.»

KrF-aren Kjøde er den som tydelegast vil blanda kristendom og politikk. Han avviser «premisset om at det som er fritt for Gud, er allment». Slik avviser han at det finst eit verkeleg felles sekulært rom. Han går då også langt i retning av å avvisa at det kan vera kristeleg at Frp vil tillate oljeboring utanfor Lofoten eller fremja liberalistisk individualisme.

Frp-aren Åmland høyrer rett nok heime i den verdikonservative delen av partiet, men legg likevel stor vekt på Luther som fremjar av personleg initiativ og frigjerar av det økonomiske systemet vi har i dag.

Haaland Matlary er naturleg nok den filosofisk mest interessante av dei tre, katolikk som ho er, med tilslutning til ein thomistisk tradisjon som har teke opp i seg arven frå antikken. Vel verdt å lesa. I verdipakken hennar, motsett dei tre lutheranarane, er det ikkje berre kristendom, men mykje filosofisk rasjonalisme. Ho er tydeleg på at innan politikk er det berre rasjonalitet som gjeld, noko som interessant nok er same posisjon som muslimen Hadja Tajik står for.

Dette var mykje mine debattinnlegg. Er boka – uavhengig av det – ei god debattbok? Nei. Kven andre utanfor kristenfolket enn ein meldar som meg vil lesa henne? Dei fire forfattarane er også alt for samde. Dessutan tykkjer eg innlegga slår over i mykje oppramsing av partiprogram.

Arild Pedersen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Her får vi sanneleg demonstrert ikkje berre ulik partipolitikk, men like mykje ulik religionsforståing.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis