Niroz Malek set ord på den oppløysinga som krig fører med seg.
Niroz Malek er omsett til mange språk, men først no er han omsett til norsk.
Noveller
Niroz Malek:
Slik natten er. Fortellinger fra Aleppo
Omsett av Kjersti Enger JensenBokvennen
Niroz Malek er psevdonym for den kurdiske forfattaren Nouri Hasso, fødd i 1946 og busett i Aleppo i Syria, der han har levd gjennom krigshandlingane sidan opprøret mot Assad-regimet og den påfølgjande borgarkrigen starta i 2012. I Slik natten er gir han korte glimt og vitnesbyrd om korleis det er å leve i ei krigssone, forma som brev og dagbokskisser frå januar til juli 2014.
For å halde ut opprettar Malek ein slags sivil sone midt i krigen, der han kan leve tilnærma vanleg med bøkene sine, naboane, turane rundt i parkar og kafear, turar til butikken og alt dette som høyrer den normale kvardagen til. Men det er også på desse spaserturane han observerer den katastrofen han lever midt oppi og ikkje kan sleppe unna anna enn i fantasien. Ofte tyr han til minne og tilbakeblikk på «forgagne tider og de drømmene vi bar på den gangen» samtidig som han konstaterer: «Dette er ikke noe liv. Vi drepes fra begge kanter».
Malek er forsiktig med å gå inn i den politiske og religiøse konflikten som ligg under. I staden skildrar han resultatet i form av tortur og forsvinningar, sensur og overvaking, flukt og fordriving, snikskyttarar, granat- og bombenedslag, soldatane i gatene, sjekkpunkt og sperringar, døde og lemlesta sivile, alt saman i gangavstand frå der han bur, svært dekkande i den tyske tittelen Der Spaziergänger von Aleppo.
I fleire av tekstane fører han samtalar med ting og gjenstandar han har brukt ein gong: ein militærstøvel frå seksdagarskrigen da han tenestegjorde på Golanhøgdene, ein penn som diskuterer det han skriv, ein tom konvolutt som saknar brevet sitt. Dette surrealistiske grepet finn ein også i måten han omgåast så vel levande som døde. Det er ein overlevingsstrategi som gir ein viss avstand til det vanvitet han lever midt oppi, kanskje ei form for indre eksil.
Niroz Malek har gitt ut seks romanar og åtte novellesamlingar. Han er mellom anna omsett til fransk, tysk og svensk. Dette er første gongen han blir presentert på norsk
Det er ei bok som er atskillig større enn dei 26 skissene og 116 sidene ho dekker.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.