JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Når stormen bryt laus

Almada byr på ein særeigen road movie frå argentinsk øydemark.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Selva Almada er journalist og forfattar.

Foto: Vale Fiorini

3816
20231208
3816
20231208

Roman

Selva Almada:

Vinden som legger øde

Omsett av Bente Teigen Gundersen
Camino

For dei fleste nordbuar er det kanskje først og fremst tango og fotball som dukkar opp i hovudet i samband med det store landet sør i Sør-Amerika. Vinden som legger øde gir oss ei soge frå eit heilt anna Argentina. Inn i eit knusktørt og nokså trøystelaust ingenmannsland set ho fire nokså sære personar som uventa – og uønskt – får mykje med kvarandre å gjere i løpet av eit døgn. Med denne stramme avgrensinga i tid, stad og persongalleri er boka meir av ei langnovelle enn ein roman.

Selva Almada er journalist og forfattar og har fått fleire prisar. Vesle Camino forlag, som berre gir ut omsett litteratur, og særleg bøker frå Latin-Amerika, gav ut sakprosaboka Døde jenter av same forfattar for eit par år sidan. Eg tykkjer det er prisverdig at eit lite forlag satsar så djervt på litteratur som elles lett hadde gått under radaren for dei aller fleste.

Ungdom i drift

Tenåringsjenta Leni lever eit heller merkeleg liv som dotter av ein omreisande evangelisk emissær. Vi får vite at mora reiste frå dei då Leni var lita, og at ho etter det har delt livet med den nokså ekstreme faren. Det er eit utilfredsstillande tilvære for ei ung jente.

Emissæren – eller pastoren, ville vi kanskje heller seie i dag – er fanatisk i si religiøse tilnærming til verda og menneska. Med talegåvene i orden går han hardt inn for å vaske skitne sjeler reine, som han sjølv uttrykker det. Når far og dotter strandar i øydemarka fordi bilen deira bryt saman, blir sonen til den mekanikaren som dei heldig nok får kontakt med der ute, det neste offeret hans.

Det tar tid å få bilen i stand, og desse fire ulike og nokså underlege menneska blir tvinga til å vere saman eit døgn. Til å begynne med verkar dei to para heilt ulike, men etter kvart ser ein at dei i grunnen speglar kvarandre. Dei to eldste mennene er lukka inne i kvar sine tronge tankesett, medan båe ungdomane er morlause.

Pastoren blir særleg opptatt av den unge guten, som er på alder med dotter hans, og som går under det kanskje litt respektlause kallenamnet Tapioka (som er ein masse ein utvinn frå grønsaken kassava), men som er døypt José, altså Josef. Pastoren tar namnet som eit teikn på at han er ei heilt upletta sjel og eit menneske som berre ventar på å bli vekt – av han.

Men hos fosterfaren (eller biologisk far, dette er litt uklårt) vekkjer dette ikkje åtgaum. Den aldrande mekanikaren har lite sans for det metafysiske. Konflikten veks mellom dei to mennene, og får sitt klimaks samstundes med at eit skikkeleg uvêr bryt laus og nok ein gong hindrar far og dotter i å kome seg av garde.

Knapp

Almada er dyktig på miljø- og karakterskildring, i korte riss teiknar ho opp omgjevnader og scener. Replikkvekslingane sit også for det meste godt. I stort glir omsetjinga greitt, men om eg skal pirke, er det nokre feil, mellom anna hender det at adjektiv ikkje blir bøygd i korrekt fleirtal.

Forteljarperspektivet rører seg inn og ut av alle fire personane. Stort sett glir det saumlaust, men der forteljarstemma blir ein instans som kommenterer på sida av handling og karakterar, kjem påstandar som det er vanskeleg for lesaren å tolke. Dette gjer at boka innimellom står fram som noko diffus og retningslaus. Kven skal vi eigentleg ha sympati med her?

Kanskje er det den knappe plassen som gjer at vi ikkje når å kome nok under huda på denne samlinga forhutla eksistensar til at vi verkeleg bryr oss om dei.

Som eit innblikk i ei anna verd og heilt andre omstende enn dei nordiske er romanen (eller eigentleg langnovella) Vinden som legger øde i alle høve eit kjærkome tilskot til den norske bokheimen.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis