Når samlivet surnar
Silje Bergum Kinsten skriv attkjenneleg, men ikkje banebrytande om det kvardagsgråe.
Silje Bergum Kinsten har gitt ut både noveller og romanar.
Foto: Flamme Forlag
Roman
Silje Bergum Kinsten:
Hvor jeg ble av
Flamme Forlag
«Should I stay or should I go», song The Clash på 1980-talet, og vi er mange som har stilt oss det spørsmålet etter nokre års samliv. Kjærleikens glød har det med å slokne og falme i grå kvardagar og trivialitetar. Verkeleg krise blir det når ein oppdagar at den personen ein slo seg saman med, slett ikkje lenger er den ein ynskjer å dele resten av livet med.
Dette velkjende temaet er utgangspunktet for Silje Bergum Kinstens siste roman, som er den fjerde boka hennar.
Å ikkje elske lagnaden
Anne lever saman med mannen Tom og dottera Stella, som er i barnehagealder, i eit hus med hage i eit elles urbant miljø. Dei har det dei treng materielt, og meir til, men heilt frå første side av boka er det klart at samlivet har gått i stå og surna ganske kraftig.
Tom blir skildra som ein usympatisk type, og det må vere lenge sidan det var varme kjensler mellom dei. Ja, så lite hyggeleg er han at det for lesaren er mystisk kvifor Anne vart saman med han i første omgang. Ho gjer nokre halvhjarta forsøk på å få opp engasjementet om innreiing av heimen eller forslag til felles familieaktivitetar, men gemalen møter henne med sur avvising og fornærmingar som grensar mot aggresjon. Dette går berre éin veg, det er lite spaning knytt til å følgje utviklinga her.
Anne er i det heile særs usikker på om ho har hamna på rett plass i livet. Det gjeld også i arbeidslivet. Ho jobbar som journalist, men er lite engasjert. Ho slit, både med å få spennande oppdrag og med å bli ferdig med dei sakene ho får. I samband med jobben har ho eit par vener som ho går ut med og snakkar ope med, men også desse relasjonane er noko overflatiske.
Den absolutt næraste for Anne er dottera Stella. Tilhøvet mellom dei to er teikna med nærleik og varme, den vesle jenta trer tydeleg fram for lesaren. Avsnitta der Stella er med, lyser opp i denne teksten og er kanskje dei beste i heile romanen. Elles får Anne eit slags utløp for dei triste kjenslene sine ved å sjå naturdokumentarar og ved å smugrøyke.
Ikkje akkurat Nietzsche
Forteljinga om eit slikt liv og slike kvardagar er attkjennelege for mange. Kinsten skriv sikkert og godt. Likevel blir det heile ein smule monotont, og det tar for lang tid før det verkeleg skjer noko i denne boka.
På ei av dei første sidene står dette: «Eller skal jeg bare lene meg tilbake? Lytte til Nietzsche og elske min skjebne, uansett hva som skjer eller har skjedd (…) Ikke bare tåle det nødvendige, men elske det.» Dette er store eksistensielle spørsmål. At referansen til den vidkjende filosofen nesten innleier Hvor jeg ble av, fekk meg til å tru at romanen kom til å ha eit noko djupare innhald enn det eg etter lesinga oppfattar at han har. Alt ligg oppe i dagen i denne teksten, det er få løyndomar å oppdage eller grunde over undervegs. Her manglar rett og slett ein større undertekst.
Utgangen på relasjonen mellom Anne og Tom er inga overrasking. Heilt mot slutten av soga kjem noko som er det, og her livnar teksten kraftig til. Endeleg skjer det noko som det er spennande å følgje. Men dette kjem så seint at lesaren på dette punktet er gått nokså lei – av Anne og det grå livet hennar.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar, lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Frå omslaget til ein utypisk roman om mellom anna sjakk.
Sjakknerden er litt av ein type. Men særleg i litteraturen vert det lite sex.
Dei fleste som satsar på eigen solkraftproduksjon, vil gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagassar.
Foto: Frank May / NTB
Solkraftproduksjon: «Dei fleste vil vel gjerne tru at dei bidreg til reduserte utslepp av klimagass.»
Ane Barmen er utdanna skodespelar og musikkvitar. Ho har tidlegare skrive to romanar.
Foto: Maria Olivia Rivedal
Ane Barmen skriv med snert og humor og ein bit alvor om sånt som skjer seg.
Teikning: May Linn Clement
Oppbretta brok i bratta
«Å bretta er i grunnen ‘å gjera bratt’, og i norrønt hadde bretta just tydinga ‘reisa opp, reisa seg’.»
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.