Når prat blir litteratur
Den nyaste romanen til britiske Rachel Cusk er både tankevekkjande og forteljarteknisk elegant.
Rachel Cusk har skrive fleire romanar og sakprosabøker, og ho har fått fleire prisar.
Foto: Siemon Scammell-Katz
Roman
Rachel Cusk:
Omriss
Omsett av Agnete Øye
Gyldendal
Omriss er bygd opp av samtalar Faye, ein engelsk forfattar, har under eit opphald i Athen der ho er for å halde eit skrivekurs. Ho snakkar både med framande og med vener, kollegaer og studentar.
Sjølv er eg ofte ein litt gjerrig samtalepartnar. Eg er glad i å vere for meg sjølv og har meint at det som skjer inne i ein, er verd vel så mykje som ein god samtale. Men Omriss har fått meg til å sjå litt annleis på dette. For kva er livet eigentleg anna enn samtalar? Kven er vi utan alle menneska rundt oss? Og kvifor er ikkje fleire bøker skrivne slik?
Medforfattar
Kvart kapittel inneheld ein ny samtale, fleire av dei så uavhengige av handling, tid og stad at dei kunne stått som sjølvstendige tekstar. Samtalane er som monologar der samtalepartnarane brettar ut nær sagt alt og knapt spør hovudpersonen om noko som helst. Likevel blir det ikkje pratete eller einsformig. Cusk har med nok skildringar av menneske og omgivnader til at ho unngår at det blir som å lese reine teatermonologar.
Samtalane vekslar mellom å vere gitt att som direkte og indirekte sitat. Dette verkar først vilkårleg, men vi skjøner etter kvart at det er del av eit imponerande forteljargrep. Romanfigurane uttrykkjer seg nesten skriftleg. Dei er velformulerte og tar ivrig i bruk metaforar, og det er i indirekte sitat at teksten er spesielt rik.
Sidan eg-personen sjølv er forfattar, slår det meg at ho fungerer som medforfattar, at ho er ein aktiv forteljar som bestemmer kva som skal vere med og ikkje, slik at vi endar opp med å høyre mest av det den andre seier. I kapittelet med kollegaen Ryan ser vi noko som kan understøtte dette; han spør Faye om skrivinga hennar, men i staden for å svare sluttar kapittelet brått. Agnete Øye må ha hatt litt av ein jobb som omsetjar. Den har ho meistra ypparleg, teksten flyt godt.
Havarert ekteskap
Vi får vite svært lite om hovudpersonen, og det er det som ligg i tittelen, at av Faye sit vi berre att med eit omriss. Etter lesinga veit eg framleis ikkje om ho vel å halde igjen informasjon for lesaren eller om ho faktisk møter så mange menneske som knapt lèt henne sleppe til. Men sjølv om vi ikkje veit så mykje om bakgrunnen hennar, får vi sjå henne gjennom det andre vel å fortelje henne.
Monica Isakstuen, som i 2016 fekk Brageprisen for romanen Vær snill med dyrene, har i intervju oppgitt Rachel Cusk som ei av inspirasjonskjeldene. Dette gir særleg meining når temaet som går mest att i samtalane, er havarerte ekteskap. Det er mellom anna det emnet forfattaren skal gå nærare inn på i neste roman, nummer to i det som skal bli ein trilogi. Temaet er klokt behandla alt i Omriss, og det er derfor stor grunn til å glede seg til meir. Framhaldet kjem på norsk i løpet av året, og der får vi kanskje bli betre kjende med Faye.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Agnete Øye må ha hatt litt av ein jobb som omsetjar. Den har ho meistra ypparleg, teksten flyt godt.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?