Bok
Når livet kantrar
Puslingar er ein spennande roman om livet etter den store ulukka.
Atle Berge har tidlegare skrive tre romanar og fleire barnebøker.
Foto: Sara Berntsen
Det vart skrive rapportar og sakprosabøker om den største ulukka i norsk oljehistorie, då Alexander L. Kielland-plattforma kantra 27. mars 1980, og 123 menneske mista livet, men den tragiske hendinga har ikkje fått noko stort avtrykk i skjønnlitteratur eller film. Det er eit fenomen som er interessant i seg sjølv, for hendinga fekk naturlegvis enorm merksemd i samtida og vart først utkonkurrert som ikonisk tidsmerke då Brå braut staven to år seinare. Ulukka gjekk så å seie til botnar i det kollektive medvitet.
Atle Berge har no skrive ein god roman med utgangspunkt i ulukka. Boka er fiksjon, men teksten tek opp mange interessante spørsmål om hendinga. Sentralt i boka står Marita Lange, ei jente frå Hjelmtveit i Lindås kommune. Ho var åtte år då far hennar, Jonny, omkom i ulukka. Ho har tidleg sett seg føre å verta ingeniør, og medan ho veks til, interesserer ho seg stadig sterkare for den tragiske ulukka og ulike omstende knytte til henne.
Truverdig
At jenta heiter Marita, og at ho ofte, men ikkje alltid, snakkar eit slags bergensk, er to gode døme på den tida ho høyrer til, og Berge skildrar folk og stader i Nordhordland slik dei var utetter i 1980-åra, etter at oljeverksemda og Mongstad-raffineriet hadde etablert seg som noko sjølvsagt for den oppveksande generasjonen. Med unnatak av omgrepet drama queen nytta om ein gut fann eg ikkje noko som tyktest idiomatisk ukorrekt i teksten, og språket flyt fint og truverdig.
Her er nokre bipersonar som stundom ter seg litt stereotypt, mellom anna mor til Marita, Astrid, som av otte for å rippa opp i vonde minne er føreseieleg som ein eggkokar, og farfaren Ottar, ein kristenkonservativ og framandfiendtleg antibergensar som seier lite om kva han tykkjer om, og mykje om det han mislikar.
Men andre personar har eit større repertoar, og Berge har fått til å skriva særleg plausibelt om tilhøvet mellom Marita og den nye kjærasten til mora. Marita sjølv er mangfaldig, og ikkje alltid sympatisk, ho er urettvis og brå og vaklande mellom viljen til å nå måla sine, og lysta til å gje etter for det hormon, tidsånd og alder vil ha henne til å gjera. Såleis er boka ein vellukka oppvekstroman og tidskapsel, men ho er også meir enn det, sidan Marita gjer alt ho kan for å finna ut kva det eigentleg var som skjedde i Nordsjøen den marsnatta i 1980.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.