Når fødselen lyser opp verda
Morten Wintervolds dikt vekslar mellom det barske og ømme.
Morten Wintervold er universitetslektor ved Forfatterstudiet ved Universitetet i Tromsø og har gjeve ut fleire diktsamlingar.
Foto: Ingun A. Mæhlum / Cappelen Damm
DIKT
Morten Wintervold:
Byen byen babyen
Cappelen Damm
I fjor haust rykte ein litteraturkritikar i Dagbladet ut og åtvara om barselbølgja som heldt på så skylje inn over samtidslitteraturen. Morten Wintervolds dikt i Byen, byen, babyen har ein tydeleg fødselshorisont, her handlar det om fødsel, foreldreskap, barn og byen. Dikta traskar altså ikkje berre rundt i det aller næraste, i barselbobla.
I dikta gjer utanverda seg sterkt gjeldande, og verda veks i fleire retningar, utover til snøskavlane, brøytebilane, til dei «glir over et kuskjell». Kuskjelet er elles ein organisme som kan verte hauggamal, opp til fire–fem hundre år. Det nyfødde livet fornyar altså verda, men gjer oss også merksam på at ho er gamal og sårbar. Under gleda over den nyfødde murrar uroa, trugsmålet om øydelegginga av verda. Både klimakrisa og farfarens død er signal som varslar om alle tingas ibuande veikskap.
Vekslande tone
No treng ein ikkje alltid stire seg blind på temaet, for fyrst og fremst dreier det seg om å skrive godt. Og det gjer Wintervold, som både skaper tankevekkande bilete og store spenn, der dikta utvunge panorerer frå ei brystpumpe til den trekkfuglen som reiser lengst av alle, raudnebbterna. Poeten kan også trykke til og uttrykkje seg direkte: «Virkeligheta/ er ikke mer banal enn at alternativet er lik null.»
Til liks med at dikta held saman fleire perspektiv, vekslar tonen i dei. Nokre liner tøffar seg og utladar dei store kjenslene, medan andre rører seg i det nære, ømme registeret. Det verkar til dømes som ei klar devaluering når poeten jamfører fødselen med andre hendingar: «fødselen sammenfaller med et utbedringsarbeid i gata/ og farfars dødsleie.»
Fleire perspektiv
Linjeføringa til Wintervold er særeigen og fin, det er som om linene tilsynelatande har noko vilkårleg og springande over seg. Slik flimrar dei, men samstundes inkorporerer og speglar dei fleire perspektiv. Ei line kan til dømes verte omgjeven av to andre, der lina både avsluttar ein periode og startar ein heilt ny. Slik inngår same line i to skilde krinslaup.
Ei rekkje motiv vender attende og vert varierte i diktboka. Ein finn mangfelte referansar til himmelretningar og til instrument som peilar posisjonar. Og det finst nesten alltid vêr i dikta, som minner ein om utanverdas eksistens. Dei fjerne krinslaupa er menneskebarnet heilt avhengig av, ja, i tillegg til den nære foreldreomsorga.
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Linjeføringa til Morten Wintervold er særeigen og fin.
Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.