JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Når det kokar over

Linn Strømsborg slepper fri ei sint og innestengt sjel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Linn Strømsborg har skrive fleire romanar etter debuten med ein boksingel i 2009.

Foto: Flamme Forlag

2445
20230915
2445
20230915

Roman

Linn Strømsborg:

Faen, faen, faen

Flamme Forlag

Bannord og kraftuttrykk i boktitlar var før tusenårsskiftet nærast å rekne som eit tabu, men etter Ari Behns debut med Trist som faen i 1999, har det auka på med salsfremjande titlar av typen Fakta faen, Bikkjefaen, Fittekvote og Faen ta skjebnen, alle titlar på ungdomsbøker, og tar vi med Olaug Nilssens Få meg på, for faen (2005), ser ein at dei pripne har nok å henge seg opp i. Sist ute i bannskapens tittelparade er Linn Strømsborg med romanen Faen, faen, faen.

Linn Strømsborg (f. 1986) debuterte i 2009 med romanen Roskilde. Men det var først etter ti år og med den fjerde romanen Aldri, aldri, aldri at ho for alvor blei lagd merke til, med gode meldingar og brei omtale pluss omsetjingar til dansk, tysk og polsk.

Årets roman handlar om 43-årige Britt og den livskrisa og ekteskapskrisa ho gjennomlever under nokre feriedagar hos eit vennepar. Ein dag eksploderer ho og skjeller ut alle etter notar, før ho berre går sin veg. Det som har bygd seg opp i henne frå barndommen av, er eit sinne og ein frustrasjon over å la seg utnytte, stå til teneste for andre, vere nyttig og ansvarsfull utan å bli takka for det eller bli sett pris på, minst av ektemannen Espen som lever sitt eige liv saman med venner og elskarinner.

Da Britt var tolv år, opplevde ho at mora berre gjekk frå mann og barn, utan forklaring, utan å vende tilbake, ho berre forsvann og blei borte for alltid. Dette såret har aldri grodd, og den eksistensielle angsten det opnar for, einsemda og framandkjensla, blir forsterka når ho merkar ein kul i brystet ingen får vite om, og mens ho ventar på svar på prøvene, eksploderer ho.

Nico, ho som eig feriehuset, er av ei anna støyping enn Britt. Dei har aldri likt kvarandre, men når Britt berre går, er det Nico som leitar henne opp og tar seg av henne og gir henne ein leksjon i det enkle og ukompliserte, rett og slett i å gi faen.

Under ein helsesjekk i tenåra blei det oppdaga at Britt var svaksynt, og symbolsk nok drog ho med seg dette svaksynet inn i vaksenlivet i den forstand at ho aldri såg sin eigen situasjon. «Er det meninga man skal se bladene på trærne?», spør ho seg sjølv. Ja, faktisk.

Linn Strømsborg skriv lett og munnleg, og ho leverer opp til forventningane som blei skapte etter Aldri, aldri, aldri.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

«At diktaturene Kina og Russland skulle bli noen gode og frelsende partnere for resten av verden siden Vesten lot dem i stikken, står ikke til troende», skriv Jon Haugen.

Foto: Sergei Guneev / Reuters / NTB

Ordskifte

«At diktaturene Russland og Kina skulle ha noen historisk rett til å hevne Vestens urett gjennom hundreårene, er helt absurd.»

JonHaugen

«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis