Bok
Motstandsføre planter i Filefjell
Boka Fjellplanter tek oss gjennom fjellet på nøyaktig 300 sider og er vigd til karplanter og karsporeplanter som er hardføre nok til å vekse der.
Dei grøne plantene er autotrofe organismar, dei produserer organisk materiale som nær sagt alle andre levande organismar treng.
Alle foto frå boka: Anders Lundberg
Fjellplanter. Filefjell og Jotunheimen sør, gitt ut av Dreyers forlag, er skriven av Anders Lundberg, som er professor emeritus i geografi ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare skrive Filefjell. Natur, folk og landskap, som vart gitt ut av same forlag i 2019.
Lundberg har mange fagfelt og er mellom anna lærd i vegetasjonsøkologi, plantegeografi, naturforvaltning, kulturlandskap og biologisk mangfald. Han engasjerer seg dessutan i Norsk Botanisk Forening og innan naturfotografi.
Boka inneheld ein generell del med omtale av kva fjellplanter er, samanhengen mellom planter og andre naturtilhøve, ulike spreiingsstrategiar, naturtypane dei veks i, og i kva vegetasjonssone dei vanlegvis breier seg i.
Plantefotografi
Størstedelen av boka er rettvist tileigna dei enkelte artane som veks i regionen, med skildring av utbreiing, økologi og kjenneteikn, med eitt eller fleire foto per art. I tillegg til den generelle og den artsspesifikke delen har Lundberg inkludert eit kapittel om plantefotografi. Denne delen gjev tips om kva ein kan gjere for å knipse gode bilete av planter.
Boka har ei logisk oppbygging og gjev meir kjøt på beina enn ei vanleg florabok. Alle bileta er tekne av forfattaren, og bidreg til eit meir personleg preg. Noko som gjer boka unik mellom florabøker, er kapittelet om plantefotografi. Det er ikkje sjeldan eg sit timevis i ei myr eller på ein forblåst rabbe og tek hundrevis av bilete av éi plante. Det er ikkje alltid så lett å ta gode bilete når sola står bak ei sky eller vinden blæs graset vinkelrett. Dette har Lundberg nokre middel mot, med råd om blendar, djupneskarpleik, perspektivkontroll, fokusforskyving og blits.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.