Bok
Mektig og medrivande
Marieke Lucas Rijneveld følgjer opp debuten med ein enda betre roman.
Marieke Lucas Rijneveld er eit litterært talent utanom det vanlege, skriv Oddmund Hagen.
Foto: MariekeLucasRijneveld.com
Nederlandske Marieke Lucas Rijneveld (f. 1991) er eit litterært talent utanom det vanlege, og debutromanen Kveldens ubehag frå 2018 blei tildelt International Booker Prize i 2020. Den andre romanen kom same året, og no er han ute i norsk omsetjing ved Hedda Vormeland, som også omsette Kveldens ubehag. Ho har vore nominert til både Kritikarprisen og Bastianprisen for omsetjingane sine.
Min kjæreste skatt er nedteikningar frå ei fengselscelle der ein 49-årig veterinær og familiefar sonar ein overgrepsdom mot ei 14 år gammal jente. Handlinga er lagd til ei nederlandsk landsbygd i 2005, mannsdominert og styrt, direkte og indirekte, av strengt religiøse normer innanfor den lokale, reformerte kyrkja.
Lolita-motiv
Veterinæren forelskar seg hovudstups i jentungen som han omtalar som «min kjæraste skatt, min himmelske utvalgte, mitt vesle praktdyr, mine lenders flamme», og han er heilt ukritisk til at han utnyttar at jenta er i ein sårbar situasjon etter å ha mista ein bror, mora har reist, og faren er fråverande opptatt av sitt. Han kunne ha vore ein farsfigur for jenta, hjelpt henne i den einsemda og forvirringa ho lever i. I staden grip han sjansen.
Lolita-motivet går gjennom heile romanen og peiker direkte mot Vladimir Nabokovs klassikar Lolita, også nedteikna i ei fengselscelle, og fascinasjonen for og misbruket av mindreårige er felles i dei to romanane.
Forteljaren er svært lærd og siterer og refererer til så vel Samuel Beckett som til Marcel Proust, ved sida av tallause sitat frå poptekstar, Bibelen, Harry Potter, Roald Dahl og annan ungdomslitteratur som jenta også er opphengt i. Samtidig er ho opphengt i Hitler og Freud, som ho stadig fører innbilte samtalar med, og ho vil gjerne vere ein fugl eller eit av flya som trefte tvillingtårna i 2001.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.