JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Med Russland i nedtur og opptur

Halvor Tjønn er i ferd med å skrive den fyldigaste russlandshistoria vi har fått på norsk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utsnitt frå Vasily Surikov (1881): «Morgonen for Streltsar-avrettinga». Streltsarane var ein krigarkaste som gjorde oppreist mot Peter den store, sist i Moskva 1698, og målarstykket skildrar blodbadet det enda i. Til høgre Peter den store som patruljerer rettarstaden til hest.

5292
20201224
5292
20201224

Sakprosa

Halvor Tjønn:

Det russiske imperiet. Fra sammenbrudd til triumf

Dreyer

Band nummer to i Halvor Tjønns store Russlands-historie heiter Det russiske imperiet – fra sammenbrudd til triumf og dekkjer grovt sett 1600- og 1700-åra. Bandet byrjar med døden til tsar Ivan den grufulle, så «samanbrot» høver godt som opning av soga. Det er heller ikkje berre tsaren som er avliden, heile herskarslekta døyr ut så, riket ligg som eit herrelaust vrak med rovgirige grannar, Polen og Sverige, krinsande rundt.

No gjekk det ikkje reint gale med Russland, veit vi; verre gjekk det etter kvart med grannane. I Moskva var eit nytt dynasti på plass i 1613, og då det òg døydde ut i St. Petersburg eit halvhundre år seinare, var utviklinga komen så langt at kvinneledene vert rekna med. Då Peter den stores dotter Elisabeth gjekk bort i 1761, kunne dermed systersonen Peter III, etter tradisjonell dynastirekning ein oldenborgar, utan vidare overta trona. Det fekk han likevel ikkje mykje glede av, for eit halvt år seinare vart han drepen. Dermed kan vi godt seie at boka endar med samanbrot òg, men den ulukka gjeld fyrst og fremst den arme keisaren. Enkja, som overtok riket, kunne i sin tur feire triumfar, men det høyrer til i neste bandet av historieverket til Halvor Tjønn.

Lukke og ulukke

Det er likevel meir enn stoff nok i det aktuelle bandet òg – både av lukke og ulukke. Då huset Romanov omsider er vel på plass, går det oppover, og toppunktet blir Peter den stores regjering 1682–1725. Som rett og rimeleg er, er det Peter med herferder og reformer som får den største bolken i heile boka. Etterpå kjem nedturen, Peter drep sin eigen son og tronfylgja vert flokut. Ein skal halde tunga rett i munnen om ein vil henge med i svingane, og ikkje gløyme at Peter III er syskenbarnet til Peter II, endå det ligg to velvaksne regjerande keisarinner og ein liten keisar mellom dei. Og så har vi alle krigane med svenskar, polakkar og tyrkarar, som Tjønn fortel om med ein sann rikdom av detaljar.

Den som skriv historie, må velje om han skal leggje hovudvekta på tilstand eller hendingar. Og Tjønn vel det siste; det er der spenninga er å finne. Kva russarane tenkte på 1600- og 1700-talet, får vi vite lite om, og det same gjeld kva dei åt og drakk, korleis dei budde og kledde seg, kva dei song og kva dei samtala om. Det er når langsame prosessar toppar seg i skarpe brot, Tjønn må ta dei med i flaumen av handlingar, som når tsar Peter klipper skjegget av bojarane. Ei hending som grip djupare, er patriark Nikons liturgireformer midt på 1600-talet, for dei er opphavet til eit kyrkjeskisma som ikkje er lækt til denne dag. Tjønn ofrar ikkje så liten plass på Nikon, men han gjeld mest kompetansestriden mellom patriark og tsar. Kvifor det skulle vere så ille å korse seg med tre fingrar i staden for to, endå meir kvifor russarar i tusenvis valde å gå i elden (bokstaveleg tala) framfor å godta brigda i gudstenesta, får lesaren inga djupare innsikt i. Det ville krevje eit anna perspektiv enn det Tjønn har valt.

Russisk kultur

Mot slutten av boka, når vi er vel inne på 1700-talet, den tida Tjønn kallar «gloriøs», får vi vite litt meir om russisk kultur, ikkje minst om byggverka – det er palassa og kyrkjene som fell i auga. Å streve seg gjennom diktverka frå same perioden og formidla dei til eit moderne publikum er ei anna og tyngre oppgåve, men også dei er delar av den same kulturen. Etter kvart som Tjønn i neste band kjem lenger fram i tid, må kulturlivet få stadig breiare plass; vi får sjå korleis han vil meistre den oppgåva.

Gjennom heile boka merkar ein forteljargleda hjå Tjønn. Det er eit velgjerande driv i framstillinga, men somme tider har nok drivet vore så sterkt at språket har lide. Eller kva skal ein seie om moteordet talentfull, som går igjen, særleg i fyrste delen av boka? Har Tjønn reint gløymt begavet eller gaverik? Og kva tyder det at ein mann vart drepen «utenfor byadministrasjonen»? Er det utanfor rådhuset eller utanfor bygrensa? Geografiske nemningar er eit problem for seg, for både byar og land har skifta namn fleire gonger dei siste fire hundre åra, og alle historikarar – ikkje berre Halvor Tjønn – må stanse og tenkje seg godt om før dei namnset ein stad.

Kva Tjønn har tenkt når han seier at Peter den store tok kur i Karlovy Vary, veit eg ikkje, berre at byen den gong var full av tyskarar som budde i Karlsbad. Og når han skriv at Karl XII vart tvinga til å ta opphald «i Adrianopel, 25 mil rett øst for Istanbul», trur eg ikkje han har tenkt i det heile teke, for på Karls tid heitte byane Adrianopel og Konstantinopel, i dag Edirne og Istanbul. Men slikt blir likevel småplukk; hovudsaka er at Halvor Tjønn er i ferd med å skrive den fyldigaste Russlands-historia vi nokon gong har fått på norsk. Og vi er ikkje forvente, for Aust-Europa har alltid vore stykbarnet i norske skulebøker.

Om lesaren tykkjer det vert for mange namn, datoar og hendingar, kan han trøyste seg med eit fem siders samandrag til slutt i boka, der pedagogen Tjønn trekkjer dei store linene.

Erik Egeberg

Erik Egeberg er professor emeritus i russisk litteratur ved Universitetet i Tromsø.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gjennom heile boka merkar ein forteljargleda hjå Tjønn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis