Med rett til å drepe?
Ragnhild Aslaug Sollund har skrive ei detaljrik debattbok om dyrevelferd og dårskapen til menneska.
Sakprosa
Ragnhild Aslaug Sollund:
Bare et dyr?
Solum bokvennen
Ragnhild Aslaug Sollund er professor ved Universitetet i Oslo, med fagfelt kriminologi. Ho er oppteken av dyrevern og dyrevelferd, og ho har særleg jobba med korleis menneska skader ville dyr, som i jakt eller med handel med truga dyreartar.
No er ho bokaktuell med fag- og debattboka Bare et dyr?. Det er ei omfattande framstilling forfattaren har gjeve seg i kast med. Over 423 sider og med meir enn 40 sider med referansar blir vi losa gjennom heile dyreverda: familiedyr, husdyr, sirkus og dyrehagar, jakt, rovdyr, andre ville dyr, fisk, oppdrett og pelsdyr.
Mat eller maskot
Sollund peiker i boka på den openberre mangelen på konsekvens i korleis vi handsamar dyr med objektivt sett like kjenslemessige og mentale evner. I Noreg driv vi masseproduksjon av grisekjøt, der grisane lever eit kort og meiningslaust liv, medan familiens hund eller katt søv i ei mjuk seng og får regelmessig stell hos dyrlegen for å leve eit så langt og godt liv som mogleg.
Det er truleg gode grunnar til at det som skjer inne på slakteria, er ein løyndom for folk flest. Mange vanlege forbrukarar ville nok setje koteletten eller kyllingfileten i halsen etter ein dag med avliving på samlebandet. Men auka velstand har ført til at folk et meir kjøt, og mange arbeidsplassar og mykje av det daglege kosthaldet i samfunnet vårt er tufta på alle dyra som blir fødde, fôra opp og slakta.
Rett skal vere rett
Forfattaren er etter mi meining skarpast og best når ho skriv om rettslege dilemma og utfordringar, som faunakriminalitet, illegal handel og rovdyrforvaltning. Det skal godt gjerast å sjå noko rett eller rimeleg i korleis ville dyr blir fanga, plaga eller drepne for kortvarig vinnings skuld. I det større perspektivet er òg mange dyreartar truga med utrydding på grunn av denne (stort sett) ulovlege handelen.
Sollund argumenterer også, ikkje overraskande, mot pelsdyrnæring og fiskeoppdrett, mot bruk av dyr i sirkus og til anna underhaldning, og mot bruk av forsøksdyr.
Kva er eit dyr?
På slutten av boka blir det diskutert kva rettar dyra skal ha, samanlikna med det vi i dag ser på som menneskerettar. Vi veit at dyr kan oppleve liding, det er òg vist at mange dyreartar har høgt utvikla emosjonelle og kognitive eigenskapar – dei er sosiale og knyter band med kvarandre, til og med på tvers av artsgrenser. Dette er sterke argument for å vise medkjensle og respekt for dyr, for å arbeide mot vald og mishandling og for å sikre alle dyr, både tamme og ville, rett til eit godt liv.
Men Sollund vil ha meir, og ho stør seg på forskarar og filosofar som hevdar at det filosofisk og moralsk sett er på tide å rekne andre dyr som personar, og at kvart enkelt dyr bør ha individuelle og juridiske rettar på lik linje med eit menneske. Med det som premiss for andre artar enn oss sjølv vil det bli like stor urett å gjere krav på å kunne eige eit dyr som det (dei fleste stader i verda) er å eige eit anna menneske. Det logiske utfallet av ei slik haldning, meiner Sollund, er å gå inn for eit vegansk samfunn, der ingen dyr blir fanga eller drepne for underhaldning eller for å bli etne.
For mange som bryr seg om dyr og dyrevelferd, er dette langt ifrå nokon naudsynt eller naturleg konklusjon. Og kan vi i det heile bli samde om kva det er som skil oss frå andre dyreartar, og kva moralske og etiske slutningar vi kan trekkje ut frå det? Spørsmålet om det er rett å drepe andre dyr, er eit konkret og sentralt døme på eit tema der vi må godta at heilt ulike haldningar kan vere moralsk akseptable.
Den levande naturen er grovt sett bygd opp av organismar som lager ting frå sollys, og enkle kjemiske bestanddelar (planter) og organismar som et andre skapningar (det vi kallar dyr), og i tillegg ei mengd mikroorganismar som driv med litt av kvart.
Om kva rett vi menneske har til å ete andre levande skapningar for sjølv å overleve, handlar ikkje først og fremst om dyrevern; det er vel så mykje eit spørsmål om kva slags kontrakt vi menneske kan ha med dei andre dyra og med heile den naturen vi er ein del av.
Forargeleg
Eg skulle gjerne sett at Sollund hadde brukt meir plass til å rydde i denne delen av argumentasjonen, og litt mindre plass til historier frå heile verda om kor ille folk kan få seg til å handsame dyr. Boka har mange referansar, men det er ofte vanskeleg å kople dei til teksten. Sjølv om det ville gjere lesinga litt tråare, ville det vore ei føremon om forfattaren hadde teke seg bryet med å bruke tal eller fotnotar i teksten undervegs.
Boka er godt skriven, men utval av faktaopplysningar og Sollunds høgt heva moralske peikefinger vil garantert kunne forarge både jegerar, gardbrukarar og kjøtkonsumentar flest. Eg tykkjer likevel at dyrevelferd er eit tema som fortener både kunnskap og engasjement, og i denne boka får du rikeleg av begge delar.
Arve Nilsen
Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sollunds høgt heva moralske peikefinger vil garantert kunne forarge både jegerar, gardbrukarar og kjøtkonsumentar flest.
Fleire artiklar
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»
Teikning: May Linn Clement