Bok

Magisk og medrivande

Hos Filip Florian er det magiske ein integrert del av røyndommen.

Filip Florian debuterte i 2005 med romanen som no er omsett til norsk.
Filip Florian debuterte i 2005 med romanen som no er omsett til norsk.
Publisert

Rumensk litteratur er kanskje ikkje det som fangar størst interesse her til lands, men eg minner om at både Eugène Ionescu og Tristan Tzara var frå Romania, rett nok i eksil, som også Eli Wiesel var. I eit slags eksil er også armenaren Varujan Vosganian, men i Romania. Han står bak den skakande minneromanen Hviskningenes bok, om folkemordet på armenarane under første verdskrigen. Og nobelprisvinnaren Hertha Müller kjem frå Romania, sjølv om ho fekk prisen som tysk statsborgar.

Massegrav

Filip Florian (f. 1968), derimot, har budd i Romania heile livet, i fem år i den avsides landsbyen Sinaia i eit dalsøkk langt inne i Karpatane, og det var derifrå han henta inspirasjon til debutromanen Lillefingre frå 2005, no i norsk språkdrakt ved Steinar Lone.

Romania er gammalt romersk område, og under arkeologiske utgravingar av eit castrum i landsbyen Principia dukkar det opp ei massegrav som ingen kan gjere greie for, korkje arkeologane, politiet, militære eller lokale styresmakter. Det oppstår fort spekulasjonar og mistankar i retning av det gamle regimet og rettsoppgjeret i 1950-åra, da kommunistane sikra maktposisjonane ved skremsler, frykt, sensur og vilkårlege avrettingar, slik at all opposisjon blei lamma og makteslaus. Ingen veit noko, samtidig som dei fleste veit. Det merkelege er at alle offera manglar veslefingeren.

Handlinga utspeler seg nokre år etter at Ceau?escu-regimet fall i 1989, og krefter innanfor det gamle regimet med Securitate i spissen har interesse av å skjule spora etter tusenvis av drap. Samtidig er tidlegare politiske fangar ute etter rettferd, og kampen om historia blir ein del av utgravingane. Etter kvart søker ein hjelp frå fem argentinske antropologar, ekspertar på los desaparecidos (dei 30.000 forsvunne) etter militærjuntaens herjingar i 1980-åra, og ekspertane konkluderer med at massegrava må stamme frå ein pest tidleg på 1800-talet. Men i sluttscenen, i ly av nattemørkeret, blir det strødd rustne patronhylser i massegrava.

Landsbyliv

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement