Bok
Litteraturen lever vidare
Heinrich von Kleist kan lesast i ein litteraturhistorisk kontekst, men også som god litteratur.
Bernd Heinrich Wilhelm von Kleist (1777–1811) blei fødd i Frankfurt.
Foto: Bokvennen
I 2018 gav Arild Vange ut den prislønte romanen Livet i luftene der han på finurleg vis gjennom trastar og sporvar syng fram fem tyske forfattarar og filosofar frå slutten av 1700-talet og tidleg 1800-tal og lar dei biografisk komme til orde. Ein av desse er Heinrich von Kleist (1777–1811), den fremste i generasjonen etter Goethe og Schiller, ikkje i samtida, men i ettertid ser ein det formatet Kleist hadde.
Her i landet er Kleists prosa gjenoppdaga det siste tiåret gjennom omsetjingane til Bjørn Aasheim: Fortellinger (2012) og årets To fortellinger, anekdoter og essays. Mellom 1986 og 1996 fekk vi fem drama i Trond Winjes omsetjing, mens meisternovella «Michael Kohlhaas» har vore med i ulike antologiar. Etter at han døydde for eiga hand for over 200 år sidan, er han framleis i live.
Frå adelsfamilie
Heinrich von Kleist var frå ein prøyssisk adels- og militærfamilie, og han var tiltenkt ein karriere innanfor den prøyssiske hæren fram til han med offisers grad i 1799 valde litteraturen som ein svært usikker leveveg, noko han fekk svi for økonomisk, sidan familien meir og mindre slo handa av han med beskjed om å greie seg sjølv. Han slapp heller ikkje inn i dei akademiske og litterære sirklane som er viktige for unge som vil opp og fram, den gongen som i dag.
Det samla forfattarskapet omfattar ti skodespel og åtte forteljingar pluss kortare prosatekstar som anekdotar, epistlar, essay og brev.
Dei to forteljingane og prosatekstane i årets bok har aldri vore omsette før no, og ein grip seg i å tenkje at det var på høg tid, for den litterære kvaliteten er det ingen ting å seie på, sjølv om språket, handlinga, komposisjonen og tankegangen er prega av ei anna tid i spennet mellom opplysningstid og romantikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.