Litteratur og landskap
Tekstane Hallvard Kjelen har valt, utgjer fleire «tidslag».
Viadukten som ligg litt nord for Trofors stasjon på Nordlandsbanen, stod ferdig i 1938. Viadukten er bygd etter eit såkalla pendelpilarprinsipp.
Foto: Ukjend
Sakprosa
Hallvard Kjelen:
Helgeland som litterært landskap
Orkana forlag
Orkana forlag har nyss gjeve ut ei bok med tittelen Helgeland som litterært landskap av Hallvard Kjelen. I forordet seier forfattaren at miljø- og klimakrisa har vore ein viktig grunn til å skrive boka. Han har som utgangspunkt at litterære framstillingar av menneske og landskap og menneske i landskap speglar breie kulturelle førestillingar og er med på å forme desse førestillingane.
Landskap
Forteljingar har noko å seie for korleis vi forstår oss sjølve i verda, og for korleis vi forstår relasjonane til det som finst rundt oss, til dyra, elva, havet, skogen og fjella. Landskap speglar historia, lag på lag, så å seie. Kjelen jamfører dette med ein palimpsest, altså eit dokument som er brukt om att, slik at dei første tekstane er skrapa ut og nye er skrivne inn.
Palimpsest er ein god meta-
for; tekstane Kjelen har valt, representerer ei tidslinje frå 1830-talet til i dag, og slik utgjer dei fleire «tidslag». I ei innleiing slår forfattaren fast at hovudsiktemålet er «framstillinga av mennesket i naturen, framstillinga av økologiske samanhengar og undersøkinga av implisitte og eksplisitte haldningar til naturen og landskapet». Men omgrepet «litterære landskap» definerer han ikkje.
Natur og kultur
Helgelandsregionen set altså grensene for innhaldet i boka. Kjelen synest vere særleg opptatt av indre Helgeland og grenseområdet i aust, inn i svenske Västerbotten. Alle tekstane han analyserer, tematiserer forholdet mellom menneske og natur, mellom natur og kultur. Dei er sjangerovergripande, frå Iver Anker Helzens historisk-topografiske Ranens beskrivelse, over ein turistbrosjyre, ei reiseskildring og ein geologisk rapport, til fleire barnebøker (av Ivar Strompdal, Birger Jåstad og Lajla Stien).
Innleiingsvis listar Kjelen opp ei knippe adjektiv som han meiner beskriv haldningane dei ymse forfattarane har til det landskapet dei skriv om, adjektiv som tomt, vilt, vakkert, stygt, fiendtleg eller venleg. At potetpresten Iver Anker Heltzen (1785–1842) såg landskapet i eit nytteperspektiv, er representativt for opplysningstida han levde i: Det som er dyrka opp eller tilverka, er vakkert; den ville naturen er – nettopp – vill, men også stygg og fiendtleg.
Andre og nyare tekstar ser det motsett. Turistbrosjyren gir eit estetiserande, men også banalt og overflatisk bilde av landskapet. Det Kjelen dessverre ikkje gjer, er å spørje kvifor einskildtekstane framstiller landskapet som dei gjer. Vurderingar av eit landskap som vakkert eller stygt, til dømes, byggjer alltid på verdistandpunkt, ideologiske standpunkt.
Nybyggjarar
Her er det ikkje rom for å komme inn på alle tekstane som Kjelen presenterer. Eg har konsentrert meg om eitt kapittel som viser svært tydeleg at forfattarhaldningane til landskapet dei skriv om, aldri er nøytrale. Her blir to av bøkene til den produktive svenske forfattaren Bernhard Nordh (I Marsfjällets skugga (1937) og Fjällfolk (1939)), presenterte. Bøkene dekker nokre tiår frå og med 1852. Personane i bøkene er nybyggjarar i Marsliden, og eit hovudtema er konfliktane som oppstår mellom samane og nybyggjarane.
Helgeland ligg i Sápmi. At bøker som blei skrivne på 1930-talet, framstiller samane som mindreverdige i høve til nybyggjarane, er ikkje uventa. Kjelen slår ned på dei negative skildringane av villmarka hos Nordh, «ei villmark som det i røyndommen er mange gode grunnar til å forstå som eit samisk kulturlandskap, ikkje som ei villmark», seier han.
Har eg forstått Kjelen rett, dreier bøkene til Nordh seg om eitt og same fysiske landskap, men to «litterære» landskap som representerer motsetnader og konfliktar: nybyggjarlandskapet som representerer sivilisasjon og kultur, i motsetnad til den «tomme» villmarka, som også blir omtalt som «terra nullius».
Villmarka
Hadde Kjelen følgt opp og vidareutvikla tankegangen om samisk kulturlandskap, hadde truleg sjølve omgrepet litterære landskap kunna fått eit tydelegare innhald. I innleiinga presenterer han villmarka som ei motsetnad til «dwelling», altså ein stad der folk har slått seg ned. Samane har ikkje slått seg ned; dei dyrkar ikkje marka. Dei «eig» ikkje jorda, men landskapet er og var like fullt deira habitat.
Om Kjelen hadde gått meir inn på motsetnadene mellom «dwelling» og mobilitet, ville han òg sett at for den svenske (og norske) staten var – og er – det ein samanheng mellom «dwelling» og det å eige jord, ein samanheng som varer ved. Samane og urfolk verda over har tradisjonelt ikkje «claimed the land», og det har hatt negative konsekvensar for dei i all ettertid. Å framstille landskapet som vilt og tomt før nybyggjarane kom, har såleis sterke ideologiske og politiske implikasjonar
Boka til Kjelen er på mange måtar svært interessant. Men for meg kjem forfattarportretta og tekstlesingane til forfattaren likevel i vegen for dei litterære landskapa. Eg trur at om Kjelen hadde spurt «kvifor» oftare, og slik analysert dei litterære landskapa ideologisk, ville den historiske lag-på-lag-utviklinga kunna blitt tydelegare og palimpsestmetaforen meir meiningsberande.
Tove Bull
Tove Bull er professor emerita i nordisk språkvitskap.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.