JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kva som kjenneteiknar arktisk litteratur, eller snarare arktiske tekstar, får vi ikkje noko klart svar på i boka om såkalla arktisk litteratur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Arktisk forfattar: Anne B. Ragde.

Arktisk forfattar: Anne B. Ragde.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Arktisk forfattar: Anne B. Ragde.

Arktisk forfattar: Anne B. Ragde.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

5803
20170623
5803
20170623

SAKPROSA

Henning Howlid Wærp:

Arktisk Litteratur.
Frå Fridtjof Nansen
til Anne B. Ragde

Orkana forlag

Korleis skal forskarar gå fram for å hanka inn pengar til forsking? Naturvitarar må sjå etter etterspurnad i samfunnet og argumentera for at forskinga deira vil vera nyttig, til dømes for lakseproduksjon eller reduksjon av CO2-utslepp. Humanistar, av det slaget som er utan slik tydeleg nytte, må argumentera med at dei anten kan produsera prestisje, det vil seia verta verdsleiande på eit elles unyttig område, og slik gjeva glans til universitet og nasjon. Eller dei kan spela på eit behov for ein bestemt ideologiproduksjon. Spela på, for dette kan ikkje seiast eksplisitt.

Det er dette siste nokre forskarar ved Universitetet i Tromsø har spela på då dei fekk pengar frå Norges forskningsråd og eige universitet til å laga forskingsprosjektet Arctic Modernities. Prosjektet var ein typisk humanistisk tverrfagleg lapskaus, laga av litt kjønnsforsking, litt litteraturvitskap, litt medievitskap, litt kunsthistorie og litt historie.

Nordområdesatsing

Kva slags ideologibehov var det som skulle dekkjast på dette viset? Etter den kalde krigen har grensa mot Russland til havs vorte avklart, og til lands delvis opna. Nordaustpassasjen er farbar. Vi har difor fått noko som heiter Nordområdesatsinga, og her er det mange statlege pengar å vona på. Eit Arktisk råd med åtte til dels store land er oppretta.

No er Nord-Noreg ikkje lenger ei blindgate avstengd av is og politikk nord- og austover, men ein eigen aktør med handlingsrom framføre seg. Difor gjeld det å byggja opp inntrykket av landsdelen som sterk og sjølvstendig. I det siste har vi til og med høyrt røyster som vil ha ein eigen nordnorsk utanrikspolitikk, som vil oppheva sanksjonane mot Russland.

I denne situasjonen har Universitetet i Tromsø sett sin sjanse: Dei har rebranda seg og kallar seg no Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet. Dei er ikkje lenger det nordlegaste universitetet i Noreg og verda, eigentleg ei understreking av perifer status. Nei, no er dei eit sentralt universitet i hovudstaden til ein ny og viktig region: Arktis.

Arktisk sjanger

Ein del av ideologiproduksjonen til Arctic Modernities er å konstruera ein eigen arktisk litteratursjanger. Alle land har sin eigen litteratur. Om Arktis skal sjåast på som noko nært eit sjølvstendig land, må det òg ha ein slik. Det er det boka til Wærp freistar å skapa. Omtrent slik norske litteraturforskarar på 1800-talet i nasjonsbyggingas teneste henta inn islandske sagaer som del av norsk litteraturhistorie.

Men først må Wærp avgrensa kva Arktis er: For oss andre har dette vore det folketomme området kring Nordpolen med is og isbjørnar. Men Wærp, som sjølv er klar over at det kan vera merkeleg å inkludera Tromsø i Arktis, stør seg på tidlegare utanriksminister Espen Barth Eide som i 2013 sa «Tromsø er midt i Arktis». Til slutt lar han grensa tilfeldig gå heilt ned til Sandnessjøen og Petter Dass.

Så er spørsmålet kva som kjenneteiknar arktisk litteratur, eller snarare arktiske tekstar. Ikkje at vi får noko klart svar, men her vert – like tilfeldig som i definisjonen av Arktis – kreti og pleti av tekstar som handlar om noko som går føre seg innanfor Arktis, inkludert: saksprosa, dikt og romanar, men med krav om å ha litterære kvalitetar og dessutan formidla ein visjon om kva Arktis er eller bør vera.

Arktis for nordmenn

Det er påfallande at sjølv om Wærp sjølv kritiserer at polfararar i sine tekstar ser ned på inuittar og samar, er samisk litteratur heilt fråverande i hans kanon. Endå merkelegare er det at arktisk litteratur i nyare tid berre er skriven av norsktalande norske forfattarar. Kva med kanadiske, amerikanske og russiske forfattarar? Sjølv om Tromsø er hovudstaden og sentrum for Arktisk råd, er det vel ikkje norsk som er fellesspråket i rådet?

Men om vi så gjer oss ferdig med det ideologiske drøset i første kapittel, står vi att med ein serie artiklar som er forståeleg skrivne og ikkje plaga av for mykje teori, men likevel mest skrivne for fagfellar. Nansens, Amundsens og Sverdrups reiseskildringar vert analyserte ut frå litterære kriterium. Men det er merkeleg at Amundsens Antarktis-bok er tatt med. Samstundes illustrerer drøftinga av henne kor innsnevrande eit reint tekstperspektiv vert: Om ein berre fokuserer på teksten, er det rett at Amundsen ikkje var språkflink. Men teksten ser ut over seg sjølv og formidlar ei sublim erfaring av verkelege ting: Ein treng ikkje store ord for å fortelja kor skremmande det var å gå over Djevelens ballsal som første menneske. Men tekstanalytikarar trur vel at isbrear òg er tekst?

Elles får vi artiklar om ishavsromanar og nordnorske forfattarar som Petter Dass, Lars Hansen, Lars Berg, Cora Sandel og Herbjørg Wassmo, der alle vert forsøkt vridne til å fokusera på Arktis.

Jau, Hansen var selfangstreiar, og skreiv verkelege ishavsromanar, men Berg skreiv no mest om kjønnslivet på 30-talet, og Sandel om einsemd og kjærleik, rett nok i Tromsø, men utan interesse for noko nord for denne byen. Petter Dass kom frå Helgeland, og skreiv som ein europear.

Sant å seia skulle eg tru at nordlendingar utanfor Norges arktiske universitet er heilt framande for at landsdelen deira vert klassifisert som arktisk. Ein kunne før bruka ordet sjølvironisk, men di meir oppvarminga flyttar tregrensa oppover, di meir vert ordet flytta inn i seminarromma.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor i filosofi ved Universitetet i Oslo og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er påfallande at sjølv om Wærp sjølv kritiserer at polfararar i sine tekstar ser ned på inuittar og samar, er samisk litteratur heilt fråverande i hans

kanon.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis