JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kunsten å skjerme seg mot skjerm i ei digital rushtid

Skarpsindig, vittig og tankevekkande om digitalt fråhald i ei tid der den digitale tilgangen er større enn nokon gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5180
20201030
5180
20201030

Sakprosa

Bjørn Gabrielsen:

Skjermslaver

Kagge Forlag

Då journalist og litteraturkritikar Bjørn Gabrielsen innsåg kor negativ påverknad skjermbruk hadde på både barn og vaksne i familien, la han ned forbod mot skjerm og smarttelefon heime. Barna hans er seks og ni år gamle. I Skjermslaver reiser han kritiske spørsmål om den teknologiske utviklinga og det aukande digitale trykket vi blir utsette for.

Medievanar i endring

For ikkje så mange år sidan var mobiltelefonen ein mobil telefon, eit lite apparat ein kunne ringe og sende tekstmeldingar med. I dag er han så uendeleg mykje meir. Kopla til internett gir han uavgrensa tilgang til spel, sosiale medium, underhaldning og all slags informasjon. Smarttelefon og nettbrett er allemannseige, og utviklinga går snøgt. Barn langt ned i alder får tilgang til den nyaste teknologien. Det er mest alltid ein skjerm å gripe til, alt frå hendig lommeformat til store TV-skjermar på lett synleg plass i heimen. I det offentlege rommet blir vi òg eksponerte for skjermar, og i skulen er det digital storsatsing med skjermundervisning og nettbrett og berbare datamaskiner til elevane. Kva gjer ein så massiv digital tilgang og skjermbruk med oss, og korleis kan vi handtere utfordringane han måtte føre med seg?

Gabrielsen er oppteken av korleis skjermtida går på kostnad av andre og viktigare gjeremål, til dømes sosialt liv, felles aktivitetar og å ha nok av god gamaldags tid til å kjede seg. Å etterkome trongen til å sjekke telefonen kvart femte minutt har innverknad på kommunikasjonen og samkvemmet vi har med menneska rundt oss.

Internett gir beinveges tilfredsstilling og superrask respons. Det kjappe vinn som oftast over det langsame, slik levande bilete vinn over stilleståande tekst. Det er lett å tenkje seg kva eit barn vil rette merksemda mot når valet står mellom å opne ei ukjend bok utan bilete og å bli underheldt via ein skjerm. Forresten, er lesing og fysiske bøker eigentleg særleg viktig i ei moderne tid? Bjørn Gabrielsen gir klåre svar på dette spørsmålet.

Drastiske grep

Bjørn Gabrielsen har som sagt innført skjermforbod heime hos seg. Der herskar eit strengt analogt regime, i alle fall i fritida. Ungane kan ta datamaskina si med heim frå skulen éin dag i veka, men då skal dei brukast berre til leksearbeid. Han meiner vidare at aldersgrensa for smarttelefon bør vere 18 år. Tastetelefon, eller dumtelefon, som han blir kalla i boka, er tilstrekkeleg for å halde naudsynt kontakt med andre.

Gabrielsen innser at kutt i tilgang til skjermar og internett kan vere ein tøff kamp, men at grensene må vere tydelege og skjermtilgangen minimal, om ein skal lukkast. Det nyttar lite å ha godteriet ståande framme og forvente at barna ikkje vil mase om å smake. Gabrielsen samanliknar det å ha ein skjerm synleg i huset med å ha ei kran på kjøkkenet med kakao som renn heile døgeret. Sjølv om ein freistar å avgrense kakaodrikkinga til etter leksene, og mellom klokka seks og sju om kvelden, vil krana likevel forstyrre heile tida. Slå av ruteren og gøym skjermane, er rådet han gir. Det er den beste metoden for å unngå at krangel om skjermbruk skal vere ein del av kvardagen i heimen.

Kritiske røyster

Ein kan saktens kjenne trong til å le av Gabrielsens synspunkt og haldningar til teknologi, men går ein berre litt djupare inn i poenga hans, snik det seg inn ein kjølig klang av tvil i latteren. Det er lett å kjenne seg att i det han seier, spesielt for den som er forelder.

Skjermslaver er ei kampbok. Det slår forfattaren sjølv fast i forordet. Mest av alt er det kampen for barna som opptek han. Han meiner kontinuerleg og fri tilgang til skjerm og internett er skadeleg. Det kan til dømes gjere barn og ungdom utsette for overgrepsfare i sosiale medium. Minst like viktig som at foreldre tek ansvar for skjermbruk på heimebane, er det at styresmaktene kjenner sitt ansvar og tenkjer seg grundig om før det blir satsa stort på digitale undervisningsplattformer i skulen. At internett er ein tidstjuv og at måfåsurfing kan gi konsentrasjonsvanskar, er noko vi lett kjenner att. I Skjermslaver er det i tillegg fokus på dei underliggande marknadskreftene som skreddarsyr tilboda og informasjonen vi får, basert på nettsøka og klikkinga vi gjer. Individet har lite å stille opp mot overvakinga og manipulasjonen dei største og mektigaste teknologiselskapa står bak.

Gabrielsen er ikkje åleine om å skrive bok med digitalkritisk tema. Til dømes gir Gaute Brochmanns De digitale prøvekaninene ein kritisk gjennomgang av den digitale satsinga i skulen. Det herskar lite tvil om at det vil kome fleire digitalkritiske bøker. Til så lenge er det god grunn til å lytte til Bjørn Gabrielsen, sjølv om han kan framstå som både gamaldags og steil i teknologimotstanden sin. På fyndig, skarpsindig og velformulert vis, og med humor som bitande smartverktøy, opnar han med Skjermslaver dører inn til særs aktuelle og tankevekkande spørsmål i tida.

Per Roger Sandvik

Per Roger Sandvik er bibliotekar og frilansskribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Skjermslaver er ei kampbok.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.

Foto: Jim Watson / AFP / NTB

Samfunn

Trump ord for ord

Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.

Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar
Odd W. Surén

Orda mellom oss

Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.

Teikning: May LInn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis