Krafta i språket
Koke bjørn er ein meisterleg roman om skrift og kunnskap, tvil og tru, knuste draumar og jakta på ein drapsmann.
Mikael Niemi har dikta i fotefara til Lars Levi Læstadius.
Foto: Peter Knutson
Roman
Mikael Niemi:
Koke bjørn
Omsett av Erik Krogstad
Oktober
Lars Levi Læstadius (1800–1861) var teolog og karismatisk forkynnar, fødd i Jäkkvik i Nord-Sverige, og det var i Nord-Sverige han hadde sitt virke som prost i Karesuando og seinare i Pajala. Den religiøse vekkinga han stod i spissen for, fann rotfeste over heile Nordkalotten og bar i seg både sosialt opprør og religiøs fanatisme. Det toppa seg med Kautokeino-opprøret, der både lensmannen og handelsmannen blei drepne.
Men Læstadius var meir enn ein puritansk fanatikar. Han var også ein kjend botanikar i arven etter Carl von Linné, skolert i klassiske språk og ein habil etnograf. Det er i spennet mellom religion og vitskap Mikael Niemi teiknar eit fiktivt og sympatisk portrett av sambygdingen Læstadius som eit barn av opplysningstida, prega av tvil og tru.
Storslått
Koke bjørn, på svensk i 2017, er ein storslått roman som ber i seg både ei kriminalgåte og ei kjærleikshistorie samtidig som han femner vidt i å skildre eit svensk-finsk-samisk miljø i Tornedalen tidleg i 1850-åra, knua under ein botnlaus fattigdom, analfabetisme, drukkenskap, lovløyse, ryktespreiing, råskap og ein skremmande inkompetanse hos representantane for styresmaktene.
Ein dag blir ei ung jente funnen død, og lensmannen konkluderer med at ho er tatt av bjørn. Læstadius, som er tillagt trekk både frå Sherlock Holmes og frå William av Canterbury (frå Umberto Ecos Rosens navn) gjer sine eigne undersøkingar baserte på botanisk kunnskap, psykologi og det siste innanfor vitskapleg forsking, og han har sameguten Jussi som hjelpar, ein forkommen ungdom som Læstadius har tatt inn i familien.
Dei to skal få meir å bryne seg på, for snart skjer det eit nytt drap som lensmannen meiner er sjølvdrap, og etter kvart som Læstadius blamerer lensmannen, kjem både han og Jussi i fare, for det går ein kynisk drapsmann laus i bygda, og han skyr ingen middel anten det er valdtekt eller rovmord.
Ulukkeleg kjærleik
Fletta inn i jakta på mordaren er det også plass til ei var og ulukkeleg kjærleikshistorie, for Jussi har eit godt auge til tenestejenta Maria, som på si side stilar høgare enn ein fattig samegut. Her kolliderer draum og røyndom, og det heile løyser seg opp i ein nær sagt overjordisk sluttscene og ei forsvinning innover i eit snødekt landskap.
Men i botnen av det heile handlar det om å bli synleg gjennom skrift, å bli skriven inn i verda og blant menneska, og for Jussi blir Læstadius ein far som gir han livet gjennom lese- og skrivekunsten. «Han festet meg til tiden», tenkjer Jussi når han er innskriven i kyrkjeboka, og mange gonger vender han tilbake til dette med bokverda, biblioteket sin plass i opplysning og innsikt, og han stiller det formastelege spørsmålet som kanskje også er Læstadius’ tvil: «Men hvis bibliotekene finnes. Trenger vi da kirkene?»
Intensitet
Koke bjørn har eit språkleg trykk og ein intensitet som jagar handlinga framover, spennande og intrikat. Der lesaren trur at drapsmannen er sirkla inn, dukkar det opp nye avsløringar som gjer at ein må nullstille og sjå etter andre alternativ.
Samtidig er det også rolegare flater der språket er lyrisk og stemningsfullt i skildringa av lys og mørke, av årstidene, naturen og landskapet som omgir menneska, eit landskap som går i arv gjennom generasjonane: «Bare være som skogen, som sommerens løvprakt og høstens nedfall, som midtvintersnø og de utallige knoppene som spretter i vårsolen. Og når man en gang forsvinner for godt, er det som om man aldri har vært her.»
Med dette er Koke bjørn tilrådd på det varmaste!
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Koke bjørn har eit språkleg trykk og ein intensitet som jagar handlinga framover.
Fleire artiklar
Johanna Reine-Nilsen er songar, musikar og låtskrivar.
Foto:
Blå sirkel
Johanna Reine-Nilsen platedebuterer med eit sterkt album.
Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).
Foto: Filmweb.no
Sinnemeisterleg
Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.
Erlend Viken har med seg Marius Graff (t.v.) og Sondre Meisfjord i trioen.
Pressefoto
Urban Viken
Erlend Viken Trio med gjester byr på kreativitet.
Carl Reinecke (1824–1910) var Edvard Griegs lærar i Leipzig.
Nordisk tone
Carl Reineckes symfoni Håkon Jarl har kraftfull patos.
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.