Bok

Kosteleg lesing

Nina Lykke serverer bitande, leikande, drivande god samfunnssatire.

Nina Lykke debuterte med ei novellesamling i 2010 og har hatt stor sukess med romanane ho har skrive etterpå.
Nina Lykke debuterte med ei novellesamling i 2010 og har hatt stor sukess med romanane ho har skrive etterpå.
Publisert

Vi er ikke her for å ha det morsomt, heiter den mykje omtalte siste romanen til Nina Lykke, men her er det ikkje vanskeleg å more seg. Vi blir kasta ut i eit kalas av ein samfunnssatire, som er så presis og så overdriven at det er ein fryd å lese.

Knut har ein gong skrive det han omtalar som «Den Berømte Boken», det store gjennombrotet som skaffa han status, fanskarar og invitasjonar til festivalar. No er det lenge sidan han har gitt ut noko som har tilfredsstilt kritikarane, og han sit parkert på sidelinja i den utdaterte Levis 501-buksa si. Ein dag får han likevel invitasjon til å delta i ein debatt på litteraturfestivalen på Lillehammer, rett nok som reserve for ein annan. Det blir eit høve for Knut til å heve honorar og leve nokre dagar på mat- og drikkebongar.

Jålete miljø

Nina Lykke teiknar gjennom blikket til Knut eit bilde av eit Litteratur-Noreg som er latterleg jålete til å vere så lite og provinsielt. Stort sett består miljøet av sjølvopptatte, arrogante, omsynslause forfattarar og av journalistar som berre klarar å stille eitt spørsmål: «Kva handlar boka di om?» Og dei fleste av bøkene viser seg for det meste å handle om andre forfattarar ein har vore intim med, eller vere baserte på andre verkelege personar. Her finst ikkje «diktarar» i mils omkrins.

Knut er blitt utsett for det han kallar Virkelighetsforfatteren – sjølv om dei alle soknar til det omgrepet. I debattpanelet skal han no få ein sjanse til å bli sett saman med ho som har dikta opp ei utleverande sanning om han med fullt namn, der han skal vere heilt avslappa og ikkje la seg merke med noko. Det går ikkje heilt slik.

Fleire får gjennomgå

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement