JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kollektiv overleving

Ida Hegazi Høyer har skrive nok ei leseverdig bok, sjølv om ho ikkje er den beste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ida Hegazi Høyer har skrive fem romanar.

Foto: Svein Finneide

3190
20181130
3190
20181130

Roman

Ida Hegazi Høyer:

Ene: skissen

Tiden

Ida Hegazi Høyer er ein av dei norske favorittforfattarane mine. Eg ventar framleis på at ho skal få det store gjennombrotet og nå opp til dei gjævaste nominasjonane, som ho fortener. Men for nye lesarar vil eg nok ikkje tilråde den sjette boka hennar, Ene: skissen, som ein inngang til forfattarskapen, utan at det betyr at boka ikkje er leseverdig. Boka er like full av herleg språkleik og kloke refleksjonar som dei førre bøkene, men dette er den mest eksperimentelle og dermed den minst tilgjengelege boka hennar hittil.

Kollektivet

Romanen går føre seg i eit kollektiv. Tre litt karikerte unge kvinner bur saman: den vakre solstrålen Elena, tungsinna og asosiale Malene og eg-personen, som står midt mellom dette lyse og mørke. Etter kvart blir dei fire; ein forfattar som berre blir omtala med bokstaven A, flyttar inn, og nærværet hennar endrar dynamikken i kollektivet.

Det einaste A bryr seg om, er å skrive. Så lenge ho held seg i den fiktive verda, er ho til å halde ut med, men det er mykje som må leggjast til rette for at ho skal få til det: Jentene må slutte å ha besøk av menn dei treffer på pub, dei må slutte å ruse seg og dei får ikkje sjå på cage fighting eller annan TV. I ein periode må dei endåtil halde seg heilt isolerte; dei handlar det dei treng for ein periode, lukkar døra og blir i leilegheita i fleire veker.

Kammerspel

Forfattaren, A, er altså den som sit på makta i dette monotone, klaustrofobiske kammerspelet. Ho får omgjevnadene til å gi avkall på alt sitt. Elena blir til og med overtalt til å stille opp på litterære arrangement på vegner av henne fordi ho ikkje taklar «overanalyserende litterære diskusjoner». Ho meistrar ikkje å tale om sitt eige virke, si eiga skrift. Høyer harselerer slik med både den narsissistiske kunstnaren og den moderne forfattarrolla, der ein er forventa å stille til alle slags intervju og samtalar når det kanskje ikkje eigentleg spelar så mykje rolle kva ein seier.

Det einaste A lever for, er ord, medan eg-personen stadig lengtar etter jord, å stikke hendene ned i mold. Det er ein fin kontrast, i likskap med kontrasten mellom dei mørke og lyse personlegdomane i kollektivet.

Openberre kvalitetar

Eller er det verkeleg slik at det er snakk om fire personar? Forfattaren går langt i å peike på at det er A som er forteljaren, at A og eg-personen slik er same person. Eller kanskje er alle i kollektivet eigentleg éin person?

Eg blir ikkje heilt klok på dette, teksten svevar litt, om ikkje heilt som ei skisse, som tittelen kan peike på, så iallfall som noko som ikkje er fullt så heilstøypt som i dei andre bøkene Ida Hegazi Høyer har skrive. Men det er kjekt at ho tør å leike seg med romanen, og språket – med rare, overraskande bokstavrim og overflod og vendingar i adjektiv – er umiskjenneleg. Det same gjeld tematikken, relasjon kontra isolasjon, som som alltid er skriven ut slik at han utvidar tankane våre.

Katrine Judit Urke

Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er kjekt at Ida Hegazi Høyer tør å leike seg med romanen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Stemninga på valmøtet i Salem var ikkje sint, men fandenivaldsk og sjølvsikker.

Foto: Ida Lødemel Tvedt

Samfunn

NEW YORK: Valnatta i New York kjendest som eit antiklimaks etter ei veke på reise i det som alt høyrdest ut som Trumps Amerika.

Ida Lødemel Tvedt

 James Rebanks på Lillehammer sist veke.

James Rebanks på Lillehammer sist veke.

Foto: Morten A. Strøksnes

Feature
Morten A. Strøksnes

Ein mann for alle årstider

LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Tid for realitetsorientering

Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.

Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.

Foto: Ukrainian online sales

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.

Hello Kitty vinkar til tusenvis av tilhengarar under den årlege japanfestivalen i New York 11. mai.

Foto: Charles Sykes / AP / NTB

Kultur

Katten i pengesekken

Hello Kitty har blitt 50 år. Ho er turistambassadør, og ho har generert milliardar av yen. Sjølv kan ho ikkje uttale seg om kvifor folk kjøper henne.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis