JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Kjærleik også i desse romma

Eikemos tekst skriv seg inn i ein tradisjon av sterke og stygge ekteskapsdrama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marit Eikemo fekk Amalie Skram-prisen i 2017 for forfattarskapen. I år er ho festspeldiktar på Dei nynorske festspela.

Foto: Agnete Brun / Samlaget

3533
20180427
3533
20180427

Roman

Marit Eikemo:

Gratis og uforpliktande verdivurdering

Samlaget

Teaterstykket Who’s afraid of Virginia Woolf av Edward Albee er eit fortetta kammerspel. I løpet av ei fuktig natt blir vi vitne til korleis eit middelaldrande ektepar har køyrt seg fullstendig fast i ein botnlaus sump av løgner og svik. Noko av det skodespelet viser, er den grelle kontrasten som kan oppstå mellom det glansa biletet ein gjerne vil vise omverda, og røynda som ligg bak og under – og korleis alt kan rakne når fasaden fell saman.

Å ha trong til å samanlikne seg med og måle seg mot andre er noko som ligg nedfelt i oss som sosiale vesen. Med dagens teknologi har moglegheitene og «plattformene» for denne djupt menneskelege aktiviteten est ut. Det har sine mindre hyggelege sider.

Livet (utan) rettleiing

Hanne og Andreas er eit par i midten og slutten av førtiåra. Dei var seint ute med å få barn, og er no midt i den mest intense småbarnsperioden med alt det han krev. Typisk nok skal dei i tillegg til foreldrerolla skjøtte karrierane på kvar sin kant. Ikkje minst skal dei også helst klatre i det sosiale og økonomiske hierarkiet, noko som i vår tid (og vårt land) som kjent gjerne skjer via huskjøp. Hanne føler at dei har blitt hengande etter; andre par på deira alder er for lengst etablerte i store villaer med hagar, medan dei sjølve bur i den same leilegheita dei flytta inn i som studentar.

Lesaren følgjer paret nokre hektiske dagar etter at Hanne har peila ut draumeobjektet og pressar fram at dei skal leggje inn eit bod. Gjennom dialogar mellom henne og Andreas og via tilbakeblikk, får vi historia til paret. Vi får mellom anna glimt frå kjærleikssoga deira frå ei meir lykkeleg og uskuldig tid. Dette blir sett opp mot det presset særleg Hanne no kjenner på overfor alle krava som trenger seg på frå alle kantar, ikkje minst frå sosiale medium. Romanen tematiserer korleis Facebook og Finn er meir øydeleggande enn eggande for romantikken og familielivet.

Desse aspekta av liva våre som vi kjenner så godt, er framstilte både komisk og tragisk, og båe delar på ein gong. Det er godt sett og godt skildra. Likevel: Å harselere over latterlege trekk ved det moderne familielivet er ikkje Eikemo aleine om. Satiren får først verkeleg brodd i det overraskande sluttpartiet.

Dyrekjøpt

Som i Albees amerikanske tragedie er det når sanninga lag for lag blir avslørt, at teksten blir stygg – men også verkeleg interessant og sterk. I den siste lange skjebnetunge dialogen i romanen – også for paret i Bergen er det alkohol involvert – rammar kvar replikk som piskeslag. No ser vi dei svimlande avgrunnane mellom desse to som har levd saman utan å ane kva den andre har halde på med. Dette kjem seint, men godt. Tidlegare synest eg nok teksten, i alle fall innimellom, har eit visst preg av å vere smart og fiks. Framstillinga blir noko overflatisk, litt slik som dei sosiale media teksten harselerer over.

Eg tek meg i å tenkje at kanskje hadde også Gratis og uforpliktande verdivurdering vore vel så god som skodespel. Handlinga har ibsenske dimensjonar og dessutan islett av den retrospektive teknikken til den store dramatikaren. Eit samtidsdrama som måler den altfor raske pulsen på vår eiga samtid. Med dette er oppfordringa gitt.

Hilde Vesaas

Hilde Vesaas er lektor, forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg tek meg i å tenkje at kanskje hadde også Gratis og uforpliktande verdivurdering vore vel så god som skodespel.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Beth Gibbons har henta mykje frå eige liv i arbeidet med det nye albumet.

Foto: Netti Habel

MusikkMeldingar

Det som finst, her og no

Beth Gibbons gir ut si første soloplate med eigenkomponerte songar.

Øyvind Vågnes

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Frå sjakkverdaKunnskap
Atle Grønn

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis