Bok

I utkanten av lukka

Garasjeland har sjølvstendige tekstar frå suksessens mørke drabantbyar.

Frode Grytten byd på sju noveller i den nye samlinga.
Frode Grytten byd på sju noveller i den nye samlinga.
Publisert

Lagnaden som metafysisk regissør for livet er ikkje røynleg, elles kunne me jo ikkje gje andre skulda for alt det galne dei finn på, og ei slik stode var knapt til å halda ut. Men lagnaden forstått som det som har skjedd med ein, utan at ein kunne noko for det, er eit faktum, og folk ein ikkje kjenner særleg godt, er kvikt definerte ved spora etter slike hendingar.

I novellene til Frode Grytten får me derimot stundom sjå innsida av personar utanfor allfarveg, som ei påminning om kor like me eigentleg er, alle saman, og den kvikke definisjonen vert sett på prøve.

Noko som vantar

I tidlegare novellesamlingar har Grytten helst skrive med eit tydeleg konsept som utgangspunkt, men slik er det ikkje i den nye samlinga, Garasjeland. Her møter me folk frå ulike miljø og land, og skal ein leita fram ein fellesnemnar for dei, i tillegg til at dei er dikta opp av Grytten, er det at det er eitkvart som vantar i livet.

Dei lever litt utanfor lukka, i grå grannelag til suksessens moglege metropolar. For nokre av dei er det andre som ser ut til å ha øydelagt den moglege idyllen, som i novella «Inntrengar», der eit norsk ektepar har fått feriehuset sitt i Spania okkupert av ein framand mann.

Men Grytten syner oss at det finst fleire sider ved saka enn den opprørande og urettvise husokkupasjonen. I teksten med den lovande tittelen «YNWA» møter me ein polsk arbeidar ved eit laksemottak i Noreg, og får lesa om tragediane som råkar han. Novella kunne ha fått tittelen «Sotra! Streik!», men kan hende heller «It’s a Wonderful Life 2», for her endar soga med opptakta til eit sjølvmordsforsøk, frå ei bru, og det kjem endåtil ein reddande engel, og det ein mykje penare ein enn Clarence Odbody i den legendariske julefilmen til Frank Capra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement