Hundre års råskap
Nino Haratischwili gir oss ei sterkt krydra soge om Georgia.
Dramatikar og forfattar Nino Haratischwili er fødd i Tblisi i Georgia, bur i Tyskland og skriv på både georgisk og tysk.
Foto: G2 Baraniak
Roman
Nino Haratischwili:
Det åttende livet (Til Brilka)
Omsett frå tysk av Ute Neumann Aschehoug
Kva veit vi om Georgia? Kanskje at det var her Josef Stalin kom frå, at det ligg naturskjønt til mellom Svartehavet og dei høge fjella i Kaukasus, men har problem med etniske konfliktar og fattigdom?
Leo Tolstoj, som òg skreiv lange romanar, ville skrive storverket Krig og fred om samtida, men oppdaga at for å skjøne Krimkrigen, måtte han gå attende til tidlegare opprør på 1900-talet – og for å gjere det, måtte han skildre napoleonskrigane og så bortetter.
Visstnok skal det ha vore på same måte for Nino Haratischwili, som ville skrive om korleis det var å vekse opp på det postsovjetiske 1990-talet. Ho måtte søkje langt attende i historia for å gi ei rett skildring av omstende og hendingar. Resultatet er ein roman på 1150 sider som lærte meg mykje om både Georgia og Sovjetunionen.
Eit raudt hundreår
Ordet «reise» er blitt ein klisjé, men passar her: Å lese Det åttende livet er å leggje ut på ei lang reise. Ein kjem att sliten, men med ei mengde nye innsikter – og med rike sanseinntrykk, av smakar, lukter og både spektakulære og skremmande syn.
Handlinga spelar seg ut gjennom drygt hundre år og seks generasjonar. Ho er komponert som ei forteljing frå Nitsa Jasji til niesa Brilka. Nitsa vil innvie Brilka i den trøblete og løyndomsfulle familiesoga, som er samanvoven med Georgias historie.
I byrjinga av 1900-talet møter vi oldemor til forteljaren, Stasia, som er dotter av ein rik gründer som kjem seg opp ved å lage verdas beste sjokolade. Stasia vil bli dansar, men den russiske revolusjonen kjem i vegen. Syster hennar, den ovleg vakre Kristine, vil berre bli gift. Det blir ho også, med ein både rik og snill mann.
I eit selskap hos Tbilisis elite møter paret mannen som konsekvent i romanen blir omtala som «Den lille store mannen». Han forfører Kristine og set mannen hennar til sides på ein fullstendig omsynslaus måte. Det har han nemleg makt til.
Dette set heile familien ut av kurs. Den vesle store mannen var Lavrentij Berija, den mest innflytelsesrike sjefen for NKVD, Sovjetunionens tryggingsteneste og hemmelege politi under Stalin. Berija skal ha hatt ansvaret for ei uhyggeleg mengde bestialske gjerningar, som masseavrettingar og etnisk reinsking i Kaukasus. Det raude står såleis både for kommunismen og for Sovjets blodige arv.
Forheksa sjokolade
Sidan går det slag i slag, dei storpolitiske hendingane blir vovne inn i soga til familien. Her er overgrep og sjølvmord, sterk kjærleik og den svartaste sorg. Det kviler ei forbanning over familiens sterke søte arv, sjokoladen.
Akkurat dette motivet kan verke litt i overkant og klistra på. Men Haratischwili skriv sikkert og godt, og sjokoladen blir eit konkret element som bind generasjonane og handlinga saman.
Ein skal vere vaken for å henge med i svingane, det er lett å gå i surr i personar og generasjonar. At forteljinga har eit sterkt tragisk tilsnitt, hjelper faktisk. Mange liv endar brått, og familien blir aldri talrik. Det tydelege kvinneperspektivet gir også romanen ei klår retning. Det er Jasji-kvinnene som har dei viktige rollene, med eit viktig unnatak: Kostja, Nitsas bestefar, som får ein viktig stilling i det sovjetiske maktapparatet og blir korrupt og maktsjuk.
Romanen har gått ein sigersgang i Europa og mange andre land. Han er skriven på tysk, forfattaren bur i Berlin. Ute Neumann har gjort ei verkeleg framifrå omsetjing av dette veldige verket til bokmål.
Hilde Vesaas
Hilde Vesaas er forfattar og lektor og fast meldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Haratischwili skriv sikkert og godt, og sjokoladen bind generasjonane og handlinga saman.
Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE