JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Historias kraft

Ein kjenner trong for noko smertestillande når ein les
denne romanen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Gunnar Gunnarssons roman frå 1929 vart årets bok i Danmark.

Foto: skriduklaustur.is

5184
20190809
5184
20190809

Roman

Gunnar Gunnarsson:

Svartfugl

Omsett av Oskar Vistdal
Solum / Bokvennen

Island er ein utkant i Europa, men frå denne utkanten er det levert stor litteratur frå langt attende, gjennom Edda-dikt og sagalitteratur fram mot vår eiga tid. Halldór Kiljan Laxness, Gunnar Gunnarsson, Thor Vilhjálmsson, Einar Már Gu?mundsson og Gyr?ir Elíasson er sentrale namn som når langt utanfor det vesle islandske språkområdet. Og for at kvinner ikkje skal vere unemnte: Yrsa Sigur?ardóttir har nådd eit internasjonalt publikum med krimbøkene sine.

Gunnar Gunnarsson kom frå små kår aust på Island. Han fekk minimalt med skolegang, men bestemte seg tidleg for å bli forfattar, og han debuterte som 16–17-åring med eit par umogne diktsamlingar heime på Island. Den indre drivkrafta førte han så i 1907 til Askov Højskole på Jylland i Danmark, der han var elev i to år. (Kristofer Uppdal var også innom Askov i 1899–1900). Her fann Gunnarsson inspirasjon i det rikhaldige biblioteket, men han kom ikkje vidare med eiga skriving før han i 1912 fekk napp hos danske Gyldendal med Borgslægtens Historie i fire band. Så kom oppvekst- og erindringsromanane Kirken paa Bjerget i fem band mellom 1923 og 1928, og Gunnarsson var dermed etablert som ein vesentleg forfattar på dansk, feira og omsett til mange språk.

Svartfugl kom i 1929 og vart årets bok i Danmark, og omsetjaren Oskar Vistdal reknar denne romanen for å vere Gunnarssons meisterverk ved sida av den korte forteljinga Advent frå 1936. Det kan så vere, men romanseriane og dei historiske romanane frå 1930-talet har også språklege og litterære kvalitetar som løftar dei over mykje som er skrive, både før og seinare.

Flata ut

Etter vel 30 år i Danmark reiste Gunnarsson heim til Island i 1939. Her slo han seg ned på det herskapelege Skri?uklaustur, som han fekk teikna av den tyske naziarkitekten Fritz Höger. Gunnarssons samrøre med nazismen er ei grundig ripe i lakken. Han var mellom anna i audiens hos Hitler i mars 1940. Eit sterkt engasjement for nordisk fellesskap låg bak, og i 1927 gav Gunnarsson ut essayet Det nordiske Rige.

Tilbake på Island flata forfattarskapet ut. Han brukte mykje tid på å omsetje sitt eige forfattarskap til islandsk, og i 1954, i ein alder av 65 år, var forfattarskapet over. Han var aktuell for Nobelprisen fleire gonger, men da Island fekk sin pris i 1955, gjekk han til Halldór Kiljan Laxness.

Historisk krim

Svartfugl er no ute i norsk omsetjing, og er ein historisk kriminalroman med handling attende til 1802. Da skjedde det eit dobbeltdrap i den vesle bygda Saurbø i Bardestrand syssel nordvest på Island. Det er oppklaringa av desse drapa og rettssaka som følgde, vi blir vitne til gjennom den unge kapellanen Eyolv Kolbeinsson. 15 år i etterkant skriv han ned hendingane som ei slags botsøving etter at han sjølv har mista son sin på havet.

Han sirklar heile vegen kring tvil og tru, synd og straff, skuld og ansvar, soning og bot, samvit og anger, alt dette ein prest må ta stilling til i embets medfør. Men også som privatperson ser han seg sjølv som ein medskuldig. Dette både fordi han som sjelesørgjar knyter tette band til drapsmannen Bjarne Bjarneson og til Steinunn, som direkte og indirekte har hissa til drap på sin eigen ektemann Jon Torgrimsson og på Bjarnes kone Gudrun, slik at ho og Bjarne kunne få kvarandre.

Det er med andre ord også ei tragisk kjærleikshistorie inne i bildet, der samfunnet sine normer set klare grenser for kva ein kan og ikkje kan. Og når folkesnakket tar styringa, er det lite å stille opp med, sjølv om begge drapa godt kan ha vore uhell og ulukker der skuldspørsmålet smuldrar bort. Men Eyolv får tilståing frå begge dei mistenkte, og det er dette som plagar han i ettertid. Var det eit justismord der det skulle statuerast eit eksempel til skrekk og åtvaring? Tvilen kom ikkje dei tiltalte til gode, som det heiter.

Gripande

Romanen er skriven på dansk, og Oskar Vistdal har valt å omsetje til riksmål. Det er eit klokt val, for her er det ein embetsmann som fører ordet. Av og til litt stivt og formelt og farga av yrket som prest, men også farga av sagaidealet gjennom spektakulære, dramatiske scenar, fyndige replikkar og klare og reine personteikningar der realisme og poesi går i kvarandre.

Grunnstemninga gjennom heile romanen er misantropisk. «Mennesker kan ikke hjelpe hverandre», seier Bjarne Bjarneson til Eyolf. Dette smittar også over på forteljaren, og går ein nokre år bakover til Skibe paa Himlen (1925), bind tre i kvintetten Kirken paa Bjerget, finn ein denne refleksjonen: «… saa lidet kendte jeg Menneskene, at jeg syntes de var ædle og ophøjede, og kun havde ringe Blik for deres fortærende Ensomhed, deres enfoldige, man kunde fristes til at sige fromme Fordærvelse, deres ynkværdige Laster, deres platte og dog til Tider fast heroiske Selvbedrag – al deres dybe Fornedrelse og usselige Blindhed».

Med dette som bakteppe kan ein lese Svartfugl, ei gripande og djupt menneskeleg tragedie frå Island for over 200 år sidan.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grunnstemninga gjennom heile romanen er misantropisk.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis