JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Hilde Lindset er på veg mot eit vesentleg forfattarskap.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hilde Lindset har skrive endå ei god novellesamling.

2536
20170519
2536
20170519

NOVELLER

Hilde Lindset:

Avskjeder med Judith

Cappelen Damm

Hilde Lindset (f. 1978) skriv noveller betre enn dei fleste. Det har ho gjort sidan debuten i 2012 med samlinga Jeg burde ha sperret deg inne. To nye samlingar i 2014 og 2016 forsterkar inntrykket av psykologisk teft, språkleg eleganse og sikker komposisjon, og dette inntrykket blir toppa i årets bok, Avskjeder med Judith.

Tolv avskjedar

Temaet er tolv avskjedar med menneske forfattaren Judith har hatt ein eller annan relasjon til: dottera Victoria, kjærasten Sebastian, ei skolevenninne, kunstnarvenner, ein framand på t-banen i Berlin, i det heile tatt. Og sjølv om Judith står i sentrum, er det ikkje ho som er forteljaren. Det er inntrykka dei andre har av Judith, som kjem fram i ei slags spegling der avsløringane går begge vegar. Dessutan opptrer Judith indirekte gjennom eit portrettintervju, gjennom eit postkort ho sender og gjennom ei innleiing ho held i ein litterær salong. Fleire av personane går igjen som bipersonar hos andre forteljarstemmer, og dette grepet drar hele novellesamlinga i retning av mosaikkromanen der heilskapen dannar sluttbildet.

Rastløyse

Handlinga spenner over eit heilt liv, men i hovudsak følgjer vi Judith i dei åra ho er mest produktiv som skapande forfattar. Ho bur i Berlin, der Lindset også bur eller har budd, eller bytter husvære med kunstnarvenner i Frankrike, heile tida i rørsle bort frå noko og mot noko anna, rastlaus, sårbar og sjølvstendig, dominerande og infam, slik ho opptrer når ho skriv ei novelle om utruskap og lar novella ligge framme på PC-en, slik at den utru kjærasten kan lese henne før forholdet blir avslutta. Judith kan verke overflatisk og konfliktsky, distansert, på flukt frå seg sjølv og folk ho knyter seg til eller som knyter seg til henne. Samtidig er ho reflektert, analytisk, sjølvsentrert og kanskje ei som bruker menneske rundt seg ved å skrive om dei. Slik løftar Lindset fram eit nyansert og samansett bilde av Judith som eit einsamt og ulukkeleg menneske som søker trøst i skrivinga, «for vi vil ikke gå med på det, at noe må ta slutt». Likevel er det oppbrota og avskjedane som styrer livet hennar.

På fem år har Hilde Lindset markert seg som ein klar og tydeleg stemme i sin generasjon. Ho tar pulsen på eit miljø ho kjenner, og ho gjer det med stil og eleganse der ein rest av noko uutgrundeleg ligg i botnen.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hilde Lindset skriv noveller betre enn dei fleste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis