Bok

Heite kjelder, kald himmel

Jón Kalman Stefánsson har skrive ein fabelaktig roman og lengt og lagnad.

Den islandske forfattaren Jón Kalmann Stefánsson skriv om eit lite samfunn på landsbygda.
Den islandske forfattaren Jón Kalmann Stefánsson skriv om eit lite samfunn på landsbygda.
Publisert

I episode åtte av den siste Twin Peaks-sesongen siterer ein skremmande figur eit dikt som tek til slik: «This is the water, and this is the well. Drink full, and descend!» Som me veit, er ikkje vatnet like godt i alle kjelder, og somme gjer ein uklokt i å stiga ned i. På (eller i) Island er dette konkret røynd, men også ein så nærliggjande metafor at han ikkje treng nemnast.

I gjennombrotsromanen Sommerlys, og så kommer natten av Jón Kalman Stefánsson meiner eg å merka at det ligg ei unik røynsle av det livgjevande og øydeleggjande or same brunn attom sjølv daglegdagse ord, men hadde eg sansa dette om forfattaren var ukjend og alle islandske koordinatar vart fjerna frå teksten? Sagt på ein annan måte: Kor mykje av lesaren er det i boka, slik lesaren opplever henne? Ja, det er sjølvsagt eit generelt spørsmål, men det er noko ved denne romanen som gjer det generelle ekstra aktuelt, og kan hende kjem det av perspektivet.

På landsbygda

Boka er skriven i første person fleirtal, og tek utgangspunkt i eit miljø eg kjenner godt, nemleg eit lite samfunn på landsbygda, nokre tiår attende. Her har me ei postdame, Ágústa, som veit alt om alle, sidan ho forstår postkontoret som eit postopneri, men ho er ein god demokrat og deler kunnskapen med ålmenta. Ho er såleis ei kjelde, både varm og kald, for det skrivande kollektivet. Og ho har mykje å fortelja, for dei mange personane i boka har først og fremst ein streng kvar å spela på, det gjer dei spennande, om ikkje alltid like truverdige. Nokre identifiserer seg ved ein dominerande eigenskap eller dragnad, oftast av seksuell karakter, men stundom òg av intellektuell eller kunstnarleg natur. Somme, til dømes den tidlegare direktøren på trikotasjefabrikken, kjem brått til eit vendepunkt, direktøren legg attom seg det tidlegare livet for å læra om universet og æva, og som mange andre i boka går han heilt og fullt inn for det som interesserer han. Somme søkjer altså mot det store, og finn seg sjølv der. For andre smakar det smærre betre, som for flyttebilføraren Jakob. Det beste han veit er å køyra flyttebil.

Magisk realisme

Det vert sagt av kollektivet i teksten at folk lever lenge på den vesle staden, og at det truleg kjem av at dei ikkje har kyrkjegard der. Dette minner meg om eit fenomen frå ei bok som no truleg ikkje vert hugsa av så fælt mange, nemleg Kings RowDen evige gåte på norsk – av amerikanaren Henry Bellamann, sjølvsagt ikkje omsett til norsk av Lalla Carlsen, men av Lalli Knutsen. Der er eit mentalsjukehus den dominerande bygningen i ein liten by, og nærværet av denne institusjonen gjer folk mentalt sjuke. Med andre ord: Det skal mykje til for å leva utan føredøme. Det ein ser ikring seg, er med på å skapa ideen om korleis livet skal eller kan vera. Men lukka, kva no det eigentleg er for noko, anna enn å gløyma seg og sitt, tykkjest reservert for slike som ikkje tek over ambisjonar som andre har formulert, men som finn det tilfredsstillande utanfor seg sjølv, same kva status det har.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement