Bok

Grøssande fryd

Nina Lykkes roman syner kor gale det kan gå når vi ikkje set pris på det vi har, medan vi har det.

Nina Lykke har så langt skrive tre romanar etter debuten med ei novellesamling i 2010.
Nina Lykke har så langt skrive tre romanar etter debuten med ei novellesamling i 2010.
Publisert

Den vidgjetne Per Fugelli lanserte det han kalla nokpunktet. Berre ved å leve og levere etter det som er i tråd med eigne verdiar og grenser, kan ein oppnå indre fred og likevekt. For mykje av alt er farleg. Greier vi ikkje «stoppe ved nok», får vi eit samfunn fullt av frenetiske egoistar.

Hovudpersonen i Full spredning, Elin, er allmennlege og tar dagleg i mot ein straum av pasientar som ikkje vil innsjå at vi menneske i botn er skrøpelege vesen. Elin meiner folk må skjøne at vi ikkje er her på jorda for å ha det morosamt. Vi stammar frå dei individa frå urtida som forstod å passe seg for alle slags farar, dei rastlause og bekymra nevrotikarane. Ein dag når legen sitt eige nokpunkt.

Alt heile tida

Pasientane er til dømes «tjukken» som kjem innom om lag ein gong i månaden for å klage over alle plagene sine, heilt proforma og utan teikn på verkeleg å ville kutte ut det djupt usunne leveviset sitt. Det er paret på over førti og femti med fem barn frå før, som krev assistert befruktning. Det er faren med den bortskjemde og overvektige dottera som blir rasande når legen spør om kosthaldet i familien. For å mobilisere eit minimum av empati innbiller Elin seg stundom at personen som sit overfor henne, ikkje kjem med slike bagatellar, men at dei har framskriden kreft. Innimellom snakkar ho med skjelettet borte i hjørnet, eit slikt av plast som står på mange legekontor. Han heiter Tore og svarar henne i lakoniske vendingar.

Elin har sjølv sine usunne laster. For å halde ut dagen på arbeid og livet med ektemannen, som nesten aldri er heime, drikk ho ganske mange glas vin kvar einaste kveld. Men det som til slutt utløyser den store krisa, typisk nok for så mange livstrøytte om lag midt i livet, er utruskap. Ungdomskjærasten dukkar opp, via Facebook. Gammal flamme blir som ny, sjølv om også han er gift på sin kant. Det er eit ras dei ikkje greier – eller slett ikkje vil – stanse. Dei møtest i løynd, lovar seg sjølve og kvarandre at dei snart skal slutte, men både vi og dei veit at det ikkje kjem til å skje. Det eskalerer, og det går som det må gå.

Satire og spegel

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement