JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Godt råka

Rabulistisk og fabulistisk frå Tor Åge Bringsværd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tor Åge Bringsværd fabulerer vidare i 4. råk.

Foto: Johanna Siring

3454
20170804
3454
20170804

ROMAN

TOR ÅGE BRINGSVÆRD:

Veneziansk spaserstokk med elefanthode

4. Råk

CAPPELEN DAMM

«Kven eig månen?» var eit innsendt spørsmål til Illustrert Vitenskap for nokre år tilbake. Spørjaren fekk til svar at månen er internasjonalt område. Jaha. Kan nokon eige månen? Kven eig sola? Universet?

Tor Åge Bringsværd eig verken månen, jorda, naturressursar, folk, dyr eller forteljingar. Han understrekar i staden det absurde i nettopp det når han skriv om indianarane og deira innstilling til jorda, natur og dyr, om korleis kommunisere med hundar, om korleis leve side om side med ein katt, og om korleis eventyr ein gong var munnlege forteljingar som forandra seg litt kvar gong ein ny person fortalde dei vidare. Det var meininga, eller det var lov. Ikkje før eventyrsamlarar som Asbjørnsen og Moe trykte eventyra mellom to permar, blei dei sementerte. Utan at Bringsværd på nokon måte kritiserer duoen for innsamlingsarbeidet.

SYMPATISK TONE

Veneziansk spaserstokk med elefanthode er Bringsværds fjerde «råk», som han kallar hulter-til-bulter-samlingane sine av tekstar; den første kom i 1989. Her er forord, avisinnlegg, kåseri, føredrag og andre oppdragstekstar frå dei siste ti åra, og nyskrivne tekstar, introduksjonar og haleheng. Han kallar det ein type brev til lesarane, og tonen er sympatisk og inkluderande. Han snakkar godmodig som Ole Brumm, men med klåre og sterke meiningar om tilhøve han finn urimelege. Det er inspirert og interessant lesing om religion, Grønlands folk og historie, film, egg, bukseselane til Kristoffer Robin, galne professorar, i tillegg til det som allereie er nemnt. Og mykje anna. Han seier om kollega og ven Jon Bing at han kunne alt, men Bringsværd kan ikkje så lite han heller.

Tekstane eignar seg til å lese høgt, dele dei med andre. Det kan berre vere ei utfordring å lese første sida av «Fantasiens måne», kor Mikkel Rev speler ei rolle, sidan det er vanskeleg å sjå bokstavane for lattertårer.

DRITSEKKEN

Han skriv om korleis han jobbar – ut frå ein idé, fritt, ingen disposisjon her i garden – og kvar han jobbar, eksempelvis på ein kafé med surr rundt; lyden skapar eit teppe av arbeidsro, samstundes som han kjenner at han ikkje er aleine i verda. Han er begeistra for utopiar, fordi dei handlar om eit ideal, ein draum, og noko slikt kan ein vel ha som rettesnor, slik dyrevernsorganisasjonen NOAH har det. Kvifor skal ein ikkje jakte etter den ideelle løysinga? Korleis skal ein kome dit om ikkje?

På same måten spør han, med Jan Eggum i mente, om kor heltane våre er blitt av. Vi treng heltar, men dei som er noko å strekke seg etter, ikkje skurkar og krigsforbrytarar som sidan er blitt lovprist. I spørsmålet om kor vidt Knut Hamsun kan vere ein helt, sidan det heiter at «vi må kunne ha to tanker i hodet samtidig», svarar Bringsværd at for han kan ikkje den nazivennlige forfattaren det: «Selv har jeg problemer med å se forbi drittsekken.».

HØNA ELLER EGGET

Bringsværds fjerde råk, som skal tyde eit pustehol i kvardagen, er morosam, tankevekkjande og velskriven. Her er mykje å lære, frå ulike nivå av kunnskap. Her er eitt eksempel: «Det evige spørsmålet om hva som kom først, høna eller egget – er enkelt å besvare. Det var naturligvis egget. Allerede dinosaurene la jo egg. Høns kom langt senere.»

INGVILD BRÆIN

Ingvild Bræin er litteraturvitar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane eignar seg til å lese høgt, dele dei med andre.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.

Foto: Privat

DiktetKunnskap
Svein Gjerdåker

Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid

«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.

Foto: Tove K. Breistein

Meldingar

Flyg høgt

Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.

Kjetil Berthelsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis