JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Fridom og demokrati i dagens Polen

Forfattar og journalist Ingrid Brekke freistar forstå og formidla det polske samfunnet,
men kanskje først og fremst dynamikken i det politiske landskapet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4816
20200103
4816
20200103

Sakprosa

Ingrid Brekke:

Polen. Aske og
diamanter

Humanist forlag

Boka Polen. Aske og diamanter vitnar om eit djuptpløyande arbeid, ein vilje til innsikt og ein godhug for eit land og eit folk med ei fortid som vi vanskeleg kan la oss overraska over at pregar notida. Kombinasjonen av fagleg engasjement for emnet og medmenneskeleg nærleik til liding og offer, så vel som til matkultur og det estetisk vakre, gir boka driv.

Boka er til å læra av, la seg overraska av og bli nyfiken av. Polen er, som Brekke viser, eit land der spenninga mellom historia og framtida er sterkt synleg, dermed er boka òg prega av dei historiske linene, som er så avgjerande for å forstå situasjonen i dag. Internasjonale bøker om polsk historie blir siterte, og dei lange linene blir lyfta fram, slik som dronning Jadwigas tid på 1300-talet, og arven hennar som var avgjerande for Det jagellonske universitetet i Kraków den gongen. Eller som møtet med tartarane med moskear i landsbyane heilt aust i landet, ein minoritet med djupe og lange røter i landet.

Historiske liner

Målet med dei historiske linene i boka er likevel tydeleg: Det handlar om å prøva å forstå spørsmåla kring fridom og demokrati i den polske røyndomen. Brekke skildrar presist «kampen om historia» i Polen. Den speglar seg i avgjerder om finansiering av museum og i klare politiske føringar for historieformidling, ikkje minst frå regjeringa. Historieformidlinga er, slik som i alle samfunn, eitt av verktya for dei som vil skriva – eller skriva om – historia om nasjonen.

Korleis blir så ein nasjon skildra og avgrensa? Ein nasjon som i hundretals år ikkje hadde nokon territorial heim på Europa-kartet? Historia kviler tungt over dei polske nasjonalforteljingane. Og historia opnar både for eit inkluderande og tolerant polsk vi, og for eit polsk oss som primært forsvarar grensene mot andre. Som Brekke òg peikar på, ja, meir polarisert, men dette er spenningar og skiljeliner som pregar heile Europa, land for land, og dei er dermed naturlegvis ikkje unike for Polen. Kanskje er det òg overføringsverdi i vitsen som blir sitert. Eit barn spør: «Pappa, kva er det største trugsmålet mot Polen?» Faren svarer: «Polakkar.»

Trass i dei lange linene, etterdønningane av delingane av Polen på slutten av 1700-talet og stor vekt på kva den andre verdskrigens hadde å seie for dagens Polen, får òg kampen mot kommunismen i 70- og 80-åra ein sentral plass i Brekkes freistnad på å forstå Polen i dag. Kanskje nettopp her – og fordi mange tidsvitne framleis lever og agerer i det polske samfunnet – er boka på sitt beste. Dei menneskelege kostnadene ved kampen mot kommunismen i Polen, som ofte blir verande usynlege, kjem til sin rett. Brekkes attgjeving av ein son som fortel om eigen barndom, og offera til mora som ein av dei mange fotsoldatane i Solidaritetsrørsla, gjev kjøt på beina til det meir abstrakte «dei ti millionane» som var medlemer.

Mangfald

Forteljinga om tidlegare tiders mangfald i folkesetnaden, om grenser som vart flytte og menneske som derfor òg måtte flytte, og dessutan om menneske som både tidlegare og i dag utvandrar, men òg om ei aukande innvandring til Polen i dag, er raude trådar i boka. Erkjenninga av «ei verd som gjekk tapt» som resultat av andre verdskrigen, då «det jødiske Polen» så godt som forsvann, og korleis dette «ikkje-tilværet» blir handtert, blir lyft fram – ikkje minst i ei nyansert framstilling av antisemittismen i dag. Kanskje kunne sentrale spørsmål om fridom og demokrati, om tru og toleranse, om tilhøvet mellom institusjonalisert religion og politikk, vorte behandla på ein endå meir utfyllande måte, men det ville ha vorte ei anna bok.

Dei fargerike skildringane frå byar som Zamosc, Lódz og Gdansk i dag, byar som finn att og fortel si eiga historie som multikulturelle stader, er mykje meir enn døme henta frå ein polarisert debatt. Gjennom døma viser Brekke fram den polariserte røyndomsforståinga, som ikkje minst eit splitta medielandskap bidreg til, men ho viser òg fram ein samansett røyndom som sjeldan berre er svartkvit.

Boka er skriven med utgangspunkt i nyfikne, med eit ynske om å forstå, og med ei openheit som langt på veg gjer ei slik forståing mogeleg. Samtidig er Brekke open om ståstaden sin, som ei som deler otten som mange i opposisjonen har: Korleis tryggje demokratiet slik at det ikkje blir diktaturet til fleirtalet, der den grunnleggjande fridomen til minoritetar blir avgrensa? Dette blikket er i denne samanhengen truleg ein føremon.

Marta Bivand Erdal

Marta Bivand Erdal er migrasjonsforskar ved Institutt for
fredsforsking.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka er til å læra av, la seg overraska av og bli nyfiken av.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis