JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Frå to kulturar til
eit nytt verdsbilete

Boka rokkar ved gamle fordommar og inngrodd vankunne.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3863
20171103
3863
20171103

Sakprosa

Merethe Roos og Johan Tønnesson (red.):

Sann opplysning?

Naturvitenskap i nordiske offentligheter gjennom fire århundrer

Cappelen Damm Akademisk 2017

Boka om naturvitskap i nordisk ålmente gjennom fire hundre år formidlar heilt nye innsikter, nye perspektiv og nye tilgangsmåtar til kva som er det historiske, norske tilhøvet mellom naturvitskapar, humaniora, allmenn danning og utdanning. Kvar einaste artikkel er overraskande og fortel noko vi ikkje visste frå før.

For så vidt fell boka inn i ei fornying av interessa for (fylgjene av) opplysningstida, og ei omvurdering av gamle tankemønster og for så vidt fordommar om opplysninga, ikkje minst etter at vi i den postmoderne motebylgja som fòr over alle land, støytte på ganske mange merkelege påstandar om grunnlaget for moderniteten.

Men det vesentlege tilskotet her er ikkje det at vi har fått mange nye einskildopplysningar om natur og kultur i norsk idéhistorie sidan 1600-talet og fram til vår tid. I staden får vi opning mot eit nytt paradigme eller tankeskjema for å oppfatte sambanda mellom studiet av natur og kultur, og formidlinga i skule og opplysningsarbeid av dette sambandet.

Tette skott

Den vidgjetne tesen til C.P. Snow om «to kulturar», altså skilsmissa mellom naturfag og kulturfag, er truleg enno meir gyldig i Noreg enn i mange andre land. Skotta mellom naturvitskap og humaniora er temmeleg tette. Der finst rett nok studiar av måten naturvitskaplege nyvinningar påverka norske forfattarar, men ser ein bort frå dei som arbeider med statistikk, er det elles fint lite kontakt til realfaga.

Tilstanden har gjort at vi ikkje har hatt nokon god tilgang til diskusjonar omkring til dømes rolla til utviklingslæra, sosialdarwinismen og Spencers påverknad på pedagogikken og kulturteorien, natursynet, oppfatningar om arv og miljø, undervisning i realfag, bruken av rekning, tabellar og grafar i norskfaget og kva det no elles måtte vere. Det gjer at humanistar ofte fell attende på ofte ikkje altfor informerte normative syn, eller vi held oss innafor dei litterære og kulturelle tradisjonane. Dei 19 artiklane i Sann opplysning?, som er på over 530 sider, representerer alle ny refleksjon over natursynet i dei første tidlege norske vitskapsmiljøa, i nordisk filosofi, i den romantiske tradisjonen som især prega Danmark og Noreg utetter 1800-talet, i lesebøker – eg er ikkje minst glad for to artiklar som mellom anna set eit nytt lys på P.A. Jensens lesebok frå 1863, ei bok som både på grunn av det folkloristiske og det naturvitskaplege materialet splitta den norske kyrkja og førte til frikyrkjedanning – i kommunikasjonen mellom forskarane, i helseopplysning og medisin, i museum og i folkeopplysning og popularisering, og endeleg forstår vi kva som gjekk føre seg i det berømte o-faget.

Godt stoff

Her er så mykje godt stoff at det er plent uråd å gjere boka rettferd i ei stutt melding. Men innleiinga gjev ei grei framstilling av samanhengen i boka, og den svenske vitskapshistorikaren og -teoretikaren Sverker Sörlin avsluttar med ei vurdering av dei analytiske framgangsmåtane, der han særleg framhevar verdien av å nytte tekstanalyse overfor vitskaplege tekstar og den historiske og kulturelle konteksten deira.

Redaktørar og forfattarar har gjort eit stort og viktig arbeid som det må vere von om kan vidareførast på mange område. Ikkje berre kan dei vere stolte av det som her alt er utført; alle som får boka i hus og les desse 19 artiklane, som er lettlesne og opnande for forståinga, vil garantert gle seg over alle nyoppdagingane og opplevingane.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kvar einaste artikkel er overraskande og fortel noko vi ikkje visste frå før.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis