Frå det nære til det fjerne
Trond Nordby skildrar historiske samanhengar på både nasjonalt og europeisk nivå, og også attover i tid.
Nest etter drukningsulukker var vasar det verste som kunne hende.
Foto frå boka: Eva Wiger
Sakprosa
Trond Nordby:
Tømmerfløting i
Skavassdraget og Glomma
Pax
Historieprofessor Trond Nordby er mest kjend for å ha skrive om politiske system og idear. Som pensjonist har interessa hans vendt seg mot barndomstraktene på Finnskogen. Dette er den tredje boka i Hofoss-triologien, etter Hofoss i verda (2016) og Folkelige toner over djupe skoger (2019). Boka er illustrert av kunstnaren Tore Hansen og inneheld også historiske foto.
Eit kulturminne
Nordby presenterer boka som ein parallell til dei fysiske kulturminna om tømmerfløytinga: «(...) mitt bidrag om en kultur som gjennom mange generasjoner prega fleire mindre samfunn.» Teksten er bygd opp etter det gode, gamle pedagogiske prinsippet «frå det nære til det fjerne». Tidsrommet er 1919–1969, men med linjer både attover og framover i tid. I den første delen blir fløytinga skildra med minne om lydar, lukter og synsinntrykk frå barndommen til forfattaren. Anekdotar og språklege bilde gjer teksten levande og nær. Å berke klaka (frosen) bark blir for eksempel samanlikna med å fjerne skalet på ein rå potet med neglane.
Fløytinga gjennom vassdraget blir grundig gjennomgått, noko som kanskje har størst lokal interesse. Nordby viser vidare korleis fløytinga var ein del av økonomi og kultur i lokalsamfunna og gjekk inn i ein årssyklus av fleire typar arbeid. Derfor var få fløytarar fagorganiserte. Arbeidet endra seg med den teknologiske utviklinga, for eksempel gjekk tømmertransporten over innsjøar først med manuelt drivne spillflåtar, seinare med motoriserte varpbåtar. Tømmerhogst og fløyting var mannskulturar med sterk identitet og indre samhald. Kjerringa var på trygg avstand, og kvinnene berre til stades i praten, visene og fagsjargongen.
Siste del av boka tar for seg organisering og kommersielle rammer. Dei historiske samanhengane blir utvida til nasjonalt og europeisk nivå, og også attover i tid. Blant anna viser han korleis krigar fekk konsekvensar for tømmerhandel og fløyting, og korleis endringar i rådande ideologiar som merkantilisme og liberalisme påverka eigar- og organisasjonsforhold lokalt. Denne delen er skriven i eit tørrare og meir akademisk språk. Når Nordby skisserer kva tømmeret blei brukt til i ulike periodar, blir også det geografiske fløyteområdet utvida til å omfatte heile Glommavassdraget med lenser, sagbruk og etter kvart også cellulosefabrikkar.
Lokallitteratur
Nedanfråperspektivet, frå arbeidsfolk i lokalsamfunnet, er gjennomgåande og kjem også fram gjennom bruk av radikalt bokmål med mange faguttrykk. Bak i boka er det ei flott, illustrert ordliste som gir djupare innsikt i arbeidsgangen. Intervju med folk som har kunnskap ein ikkje kan lese seg til om dette arbeidet, har vore ei hovudkjelde for arbeidet.
Gjennomgåande er også respekten for arbeidet og måten det blei organisert på. Samanhengar mellom arbeidsprosessane og levevilkåra til fløytarane er tydelege. Trass i at fløytinga kunne vere farleg og vanskeleg når tømmeret danna «mugger» (vasar), er skildringane verken romantiserande eller overdrive dramatiserte.
Lokalhistorisk formidling kan lett bli liggande for tett på det som blir skildra. Det er det også eksempel på her, men stort sett gjer forfattaren det lokale allmenngyldig. Indirekte får han fram at fløytinga har mange fellestrekk med andre arbeidskulturar, og han trekker også fleire gonger fram korleis arbeidet med tømmer har vore viktig for det nasjonale sjølvbildet. Historia som blir fortald frå Hofoss, viser at historie aldri er lausriven frå verken lokalsamfunn eller vidare samanhengar.
Åsa Elstad
Åsa Elstad er historikar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Anekdotar og språklege bilde gjer teksten levande og nær.
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.