Bok

Fortida kallar

Atle Hansen skriv godt og gjenkjenneleg om eit vestnorsk kystsamfunn.

Forfattar Atle Hansen har skrive 20 bøker på 20 år.
Forfattar Atle Hansen har skrive 20 bøker på 20 år.
Publisert

Atle Hansen har gitt ut bøker i vel 20 år, og når han no er ute med bygdekrimen Maria møy, rundar han samtidig 20 titlar. Det meste er barne- og ungdomsbøker, men han skriv også for vaksne, og eg minnest med glede debutromanen Sargasso, der han skildrar eit vestnorsk lokalsamfunn i spennet mellom tradisjon og modernitet.

I årets bok vender forfattaren Jo Havn tilbake til staden der han voks opp, eit lite vestnorsk kystsamfunn prega av oppdrettsnæring, fisketurisme og anna verksemd basert på austeuropeisk arbeidskraft, eit kjøpesenter, ein kafé og ein pub i eit nedlagt slakteri. Målet med reisa er å finne inspirasjon til ein ny roman, og Maria møy blir ståande som sluttprodukt.

Kriminalgåte

Jo Havn påstår at han har fortrengt det meste av oppveksten, men etter kvart dukkar det opp episodar og relasjonar frå fortida som framleis ligg og gneg i sinnet, og kjem til overflata i møte med folk han har kjent for lenge sidan. I sentrum står ungdomskjærasten Maria med kallenamnet møy, men ho er ikkje meir møy enn at ho som tenåring får dottera Ada. Seinare går Maria i hundane og døyr som narkoman.

Fleire kjenningar frå før i tida har slått seg opp og lever som småkongar i bygda med inntekter frå så vel lovleg som ulovleg verksemd, og når ein av dei druknar i småbåthamna, får politiet interesse for saka. Samtidig driv Jo Havn si eiga etterforsking basert på samtalar, nettsøk og turar i nærområdet, og han forstår fort at det skjer litt av kvart nattestid.

Men bortanfor kriminalgåta er romanen ei fin miljøskildring av ein tradisjonell kystkultur i oppløysing. Berre restar er tilbake av limet som heldt samfunnet saman – omgangsformene, talemåtane, gjestfridommen og bygdesladderen, slik at alle veit alt om alle. Ein treng ikkje overvakingskamera i ei bygd med folk som Marta og Peder.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement