Førsteklasses skrivekunst
Rachel Cusks andre bind i trilogien om Faye er den beste boka eg har lese i år.
Den andre boka i trilogien til Rachel Cusk er no komen på norsk.
Foto: Siemon Scammel-Katz
Roman
Rachel Cusk:
Transitt
Omsett av Agnete Øye
Gyldendal
Eg var begeistra då eg melde Rachel Cusks første bok i ein trilogi i januar i år. Då skreiv eg at eg håpa på å bli betre kjend med hovudpersonen i oppfølgaren, som no har kome ut på norsk. Eg har ikkje blitt så veldig mykje klokare på Faye, men eg er trur eg har blitt klokare elles, og om mogeleg enda meir begeistra for Rachel Cusk.
Monologar
Transitt er ein frittståande oppfølgar til Omriss. Tredjeboka, Kudos, er planlagt gitt ut på norsk til våren, mens heile trilogien er ute på engelsk.
På same måte som i førsteboka møter vi i Transitt nye personar i så godt som alle kapitla, og denne romanen består òg nesten berre av samtalar.
I Omriss opplevde eg samtalane med dei ulike personane som monologar; hovudpersonen slapp nesten ikkje til. I andreboka får vi høyre noko meir frå Faye. Men det er så lite at eg framleis ikkje er sikker på om ho som forteljar vel å halde igjen informasjon, om ho «klipper» vekk litt av det ho seier. Men kanskje er det faktisk mogeleg å treffe så mange menneske som berre snakkar om seg sjølv: «Jeg hadde, sa jeg, funnet ut mer ved å lytte enn jeg noen gang hadde trodd var mulig.»
Ville historier
Romanen inneheld så mange rare figurar, desse er sjeldan blant Fayes nære venar eller familie, men oftare relasjonar som kjem og går, som ein snikkar, naboar, elevar og forfattarkollegaer. Av og til opplever eg det som å sjå humorprogrammet Du skal høre mye; det er litt av nokre historier vi får servert av persongalleriet. Men det er kanskje upresist å kalle figurane rare. Grunnen til at personane er så fargerike, mens dei eigentleg er nokså vanlege, er at alle byr slik på seg sjølv, dei er så herleg ærlege.
Sjølv om boka er dialogtung, evnar Cusk å gjere forteljinga levande ved å veksle mellom ulike sitatteknikkar og å flette inn miljø- og personskildringar, fleire av dei skarpe og kostelege. Her vil eg gjerne trekke fram ei scene der Faye er hos frisøren, Dale, og høyrer han fortelje frå det tidlegare utsvevande livet hans. Forfattaren er spesielt god her; i stolen ved sida av Faye sit ein tenåringsgut, og vi får observasjonane ho gjer av han, samtalen hans med frisøren og oppførselen til mor hans, som sit og ventar ved inngangen – alt dette fletta inn i den sprø historia til Dale. Det er som om ein er til stades i salongen.
Fridom og lagnad
Blant temaa som går igjen i samtalane, er kontrastane mellom og filosofering rundt fridom og lagnad, tatt opp på litt same måte som hos Milan Kundera i Tilværelsens uutholdelige letthet. Eit gjentakande motiv er dessutan flytting og oppussing, om kor og korleis ein skal bu. Her inngår òg valet om å få barn eller ikkje, og korleis ein tar vare på dei. Faye har to søner, men dei får vi, ikkje overraskande, vite ganske lite om; vi treffer dei berre når ho snakkar med dei i telefonen.
Faye er altså framleis eit lite mysterium, på ein ikkje irriterande, men berre fullstendig fasinerande måte. Rachel Cusk driv med skrivekunst eg knapt har sett maken til, med omvegar rundt hovudpersonen og intrikate teknikkar, også denne gongen upåklageleg omsett av Agnete Øye.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Rachel Cusk driv med skrivekunst eg knapt har sett maken til.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?