Eit stort formidlingsarbeid
Ingar Sletten Kolloen har utvida grunnforteljinga om Noreg under krigen med trebandsverket sitt.
Ingar Sletten Kolloen har tidlegare skrive biografiar om mellom andre Knut Hamsun, Joralf gjerstad og dronning Sonja.
Foto: Morten Brun
Sakprosa
Ingar Sletten Kolloen:
Hvis vi overlever. Under krigen: Krigens sluttspill i Norge – og de menneskelige dramaene
Gyldendal
I norsk historieskriving om den andre verdskrigen er «grunnforteljinga» eit innarbeidd omgrep som særleg blir tatt i bruk om ein skal kritisere historieskrivinga for å vere prega av perspektiva til motstandsrørsla og heimefronten. Utan at han nyttar omgrepet, kan også Ingar Sletten Kolloens trebandsverk Under krigen sjåast som eit forsøk på å utvide grunnforteljinga til også å inkludere emne som har fått for lite merksemd i okkupasjonshistoria fram til dei siste åra.
Sjølv om også Kolloen har med mykje om motstandskampen, kontrasterer trebandsverket mellom anna det forfattaren påstår på eit tidspunkt var ein «klart pasifistisk» (!) tendens hjå delar av heimefrontleiinga i møte med den tyske okkupasjonsmaktas heilt reelle evne og vilje til represaliar, med til dømes den meir aktivistiske innretta motstanden frå kommunistane i krigens mellomfase.
I tillegg legg Kolloen prisverdig nok også stor vekt på å fortelje historia om menneske som tidlegare har vorte gjevne ein mindre framståande plass i krigshistoria, som kvinner, born og ikkje minst dei norske jødane.
Vekt på Finnmark
Forfattaren gjev dessutan stor plass til hendingane i Nord-Noreg, blant anna nedbrenninga av Finnmark og dei katastrofale konsekvensane dette fekk for sivilbefolkninga i nord. Han prøver samstundes å setje hendingane inn i eit større strategisk og storpolitisk bilete der Noreg trass Hitlers «skjebnesone»-retorikk og invasjonsfrykt etter kvart vart eit nokså marginalt frontavsnitt.
Kolloens uttalte ambisjon med verket har vore «å bruke det enorme, skriftlige krigshistoriske kildematerialet til å gi en mest mulig mangefasettert framstilling» av okkupasjonen 1940–45. Her må det påpeikast at Kolloen eigentleg i liten grad gjer seg nytte av krigshistorisk kjeldemateriale, men snarare hovudsakleg nyttar den omfattande litteraturen om krigen, rett nok også inkludert trykte kjelder som dagbøker, memoarar og liknande.
Trass i at Kolloen er tydeleg på at målet med trebandsverket ikkje har vore å drive grunnforsking, og også til tider ser personlege forteljingar opp mot forskingslitteraturen, byggjer dermed Under krigen hovudsakleg på eksisterande litteratur og utfordrar i liten grad denne.
Ei innvending
Iblant gjev forfattarens tilnærming her enkelte etter mi meining uheldige utslag, særleg i behandlinga av forteljingar frå frontkjemparar og andre NS-folk. Eit døme er frontkjemparen Hermod Tuft, som Kolloen lèt tenkje at «også dette måtte han prøve å avfinne seg med» etter at han har vore vitne til avrettinga av to sivile (far og son) i slaget ved Tsjerkasy i Ukraina vinteren 1943–44.
Trass i at Kolloen i ein fotnote legg vekt på at Tufts forteljing til liks med andre frontkjemparskildringar «bør leses med aktsomhet», meiner eg at forfattaren i døme som dette heilt klart burde utvise meir av denne aktsemda i hovudteksten og ikkje berre i notane. Kva seier til dømes Tufts eigne refleksjonar etter drapet på fangane («det er vel slik krigen er») om gjennomslaget av den ideologiske indoktrineringa dei hadde vore igjennom i Waffen SS, om krigens råskap og så vidare?
Kolloen er sjølvsagt innom slike spørsmål, men stundom gjer han for mange stopp på vegen til at han får handsama dei på ei etter mi meining fullt ut tilfredsstillande måte. Dette siste bandet er då også det kortaste av dei tre, men dekkjer likevel størst tidsrom, det vil seie frå 1943 og fram til krigen er slutt.
Ein inngang
Mange av kapitla er også korte, heilt ned i knappe tre–fire sider, og det er illustrerande at så vel slagskipet «Tirpitz» som fangeskipet «Rigel» går ned i havdjupet i løpet av éi einaste setning. Rett nok har Kolloen tidlegare i verket skildra både angrepet på det tyske slagskipet og lagnaden til dei austeuropeiske fangane meir inngåande, men dei ofte medrivande tekstpartia, som det heilt klart finst mange av i verket, er det etter mitt skjønn fleire av i dei føregåande banda.
Sjølv om Ingar Sletten Kolloen har gjort ein stor formidlingsjobb ved på sett og vis å oppdatere grunnforteljinga om den andre verdskrigen for eit breitt publikum, tek ein seg derfor i å håpe på at lesarane tek oppmodinga frå forfattaren om å nytte verket som inngang til ytterlegare fordjuping i okkupasjonshistoria.
Torgeir E. Sæveraas
Torgeir E. Sæveraas er historikar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.