JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit kraftverk av ei bruksbok

Vinje-bibliografien er ein sjeldan og omsutsfull bibliografi som viser Aa.O. Vinje frå nye vinklar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Aasmund Olavsson Vinje (1843–2016).

Aasmund Olavsson Vinje (1843–2016).

Aasmund Olavsson Vinje (1843–2016).

Aasmund Olavsson Vinje (1843–2016).

5402
20180216
5402
20180216

Sakprosa

Ottar Grepstad:

Vinje-bibliografien

Skrifter av og om Aasmund Olavsson Vinje 1843–2016.

Nynorsk kultursentrum 2017

Bibliografisk arbeid vert ikkje altfor ofte påakta, og dermed er det då også for lite av det her i landet. På same viset som det er for få survey-artiklar, altså oversyn over tidlegare og aktuell forsking innom eit granskingsfelt. Og reint teksthistorisk har vi omtrent ikkje drøftingar eller oversyn over korleis gamle tekstar, om det så er klassikarar, er blitt brukte i kulturhistoria.

Vel er Grepstad kjend for å vere energisk, men denne boka er som eit kraftverk i seg sjølv, ei energikjelde til nye granskingar, nye oppdagingsferder. Ein filolog vert svært glad for å halde ei slik bok i hendene, det er sikkert, og det er umogleg å uttrykkje respekten denne meldaren kjenner for arbeidet som her er gjort.

Total kartlegging

Vinje-bibliografien er ikkje berre ei total kartlegging av alle tekstar av A.O. Vinje sjølv, men langt meir: Det handlar om ei nær på total kartlegging av tekstane til Vinje, men også ei omfattande og truleg tett på hundre prosent dekkjande registrering av bruken av desse tekstane gjennom åra. Dermed får vi ei grundig utgjevarsoge, ei forståing av korleis tekstane har vandra gjennom historia, og ei nokså klår oppfatning av kva for utval av Vinje-tekstane som er blitt gjenbrukte, ofte.

Dermed kan det heretter, med støtte i denne boka, gjerast heilt nye granskingar av soga om Vinje i media, skulen, lærebøker, antologiar og litteraturformidling, som del av klassikarkanon, i songkulturen, som grunnlag for bruk i seinare forfattarskap, i litterær og historisk forsking. I det heile – her er fundamentet for teksthistorisk gransking av alle tenkjelege slag frametter.

«Kva er det i ei liste?» er ein vidgjeten artikkel skriven av sosialantropologen Jack Goody i boka The domestication of the savage mind, som på norsk ville heitt «Temjinga av den ville tenkinga» (1977). Goody slår her fast at lister av alle slag regulerer sosial praksis, for dei viser kva ein har tilgang til, kven som har tilgang til ressursane som finst, og korleis. Det gjeld såleis inventarlister, lagerlister, skattelister – men òg handlelister. Og sjølvsagt lister over tekstar. Heretter kan vi finne ut av noko vi elles ikkje ville nådd fram til. Empowerment, heiter det på engelsk. Sjølvstendig kraftmobilisering, forming av eiga makt.

Nynorsk danning

For kva kan vi eigentleg om Aasmund Olavsson Vinje, utviklinga av nynorsk danning, perioden Vinje levde i og etterverknadene av verket hans – heile verknadshistoria? Nokre har skrive om inspirasjonskjeldene til Vinje, andre om plasseringa hans i eit intellektuelt univers, atter andre om kva som står seg av vurderingane hans i dag, og korleis vurderingane hans fungerer for oss. Men vi har sett det stykkevis og delt.

For, som det vert tydeleg, ved dei eigne tilskota Grepstad her gjev til forståing, er det mangt som enno ikkje er tilstrekkjeleg drøfta. Såleis er essayisten Vinje langt mindre påakta enn lyrikaren, endå mange av hermene og posisjonane til Vinje helst kjem fram i essay eller essayaktige tekstar. Grepstad opnar opp dei einskilde bolkane ved å kommentere og leggje til rette for bruken. Såleis, i ein drøftande del som innleier bolken med dei mange skriftene til Vinje, ser vi tydeleg at det ikkje berre finst eitt bilete av Vinje, ikkje eingong berre eitt litterært bilete, men mange.

I så måte høver det at Grepstad drøftar tilhøvet til Ivar Aasen, ikkje minst korleis dei var opptekne av nyvinningar og modernisering, og kva for omsettingar frå framand litteratur og andre språk Vinje valde å arbeide med. Vi får knekt den urgamle myten om at det var vanskeleg å selje nynorskbøker, for her ser vi for fyrste gong samla oppstillingar av opplagstal og får eit inntrykk av prentesoga om desse skriftene.

Lesemåtar

Seinare byr Grepstad på ei interessant innføring, eller snarare vurdering, av det å lese og forstå Aa.O. Vinje. Han tek fatt i den nye interessa for essayistikken til Holberg og Vinje som kom med Georg Johannesen noko før 1980, og tek for seg lesemåtane i tilnærmingane til Vinje både før og etter. Han viser kor få litterære Vinje-studiar som fanst før Sveinung Time og Jon Haarberg sette i gang tidleg i 1980-åra, og med omsyn til Ferdaminne faktisk ikkje før enn med Jon Severuds Ei gjenreise i 2010.

Men Grepstad feiar ikkje av dei andre som har vore bortpå Vinje-tekstar eller biletet av Vinje, han presenterer dei ulike lesingane som knytte til tida, både i samtida til Vinje og i alle år seinare, slik at både kvantitet og kvalitet i Vinje-lesingane her vert utgreidde for fyrste gong. Ja, såpass at vi tek til å verte i stand til å vurdere Aa.O. Vinje som del av norsk minnepolitikk, ikkje berre litteraturhistorie.

Alle som har interesse for det Vinje stod for, og ikkje berre det, men som vil få tilgang til å skjøne liner i teksthistoria sidan hans tid, bør skaffe seg denne boka. Det er ei bruksbok som vil opne dørene til mange andre tekstsamlingar og einskildtekstar.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Grepstad viser
kor få litterære Vinje-studiar som fanst før Sveinung Time og Jon Haarberg sette i gang tidleg i 1980-åra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis