JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Eit forsvar for staten

Staten kan vere ein viktig medspelar for å styrka liberalismen, meiner Fukuyama.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Francis Fukuyama er professor ved Institut for internasjonale studium ved Stanford-universitetet.

Foto: Dreyer

3187
20230310
3187
20230310

Sakprosa

Francis Fukuyama:

Liberalismens utfordringer. Slutten på den liberale æra?

Omsett av Emma Bakkevik
Dreyer, 2022

«Behovet for klassisk liberalisme har aldri vært så stort som i dag, fordi USA (så vel som andre liberale demokratier) er mer mangfoldig enn noen gang.» Det skriv den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama i boka Liberalism and its Discontents, som no er omsett til norsk.

Boka er kort og velskriven, og særs aktuell i ei tid då stadig fleire land går tilbake i demokratisk utvikling, og liberale internasjonale institusjonar mistar legitimitet til fordel for ein langt meir maktbasert relasjon mellom verdas statar.

Ljos i mørket

I ein slik dystopisk kontekst ser Fukuyama ljos i mørket. Slik han vel alltid har gjort etter at han på slutten av 1980-talet skreiv om den overlegne posisjonen til det liberale demokratiet, utan seinare å la seg kue av ei uendeleg rekkje kritikarar.

For Fukuyama må eit liberalt samfunn framleis byggje på eit likestilt menneskeverd, rotfesta i evna mennesket har til ta eigne val. Men samstundes åtvarar han i Liberalismens utfordringer mot at trua på at fridomen til den einskilde kan eksistere utan grenser.

Slikt tek seg godt ut i eit år då me feirar 300-årsdagen til den skotske økonomen og moralfilosofen Adam Smith. For som Smith fremjar Fukuyama ein grunnleggjande idé om at alle i samfunnet skal vere frie, og at denne fridomen kan dei berre oppnå gjennom å gjere mennesket meir opplyst, danna og ueigennytting.

Men dette kjem ikkje av seg sjølv, som eit resultat av ei usynleg hand, slik Smith byggjer dei marknadsøkonomiske teoriane sine på. Ifylgje Fukuyama må dei styrast, med hjelp av menneske og organisasjonar i det sivile samfunn, statlege institusjonar og profesjonar.

Moralsk danning

Her trekkjer Fukuyama meir på Smiths moralfilosofi enn dei klassiske marknadsøkonomiske teoriane i liberalismen, sidan han som Smith legg til grunn at moralsk danning kjem frå sosial røynsle og samkvem.

Utfordringa i den samanheng, slik Fukuyama ser det, er at rekkevidda til det einskilde mennesket over tid har vorten gradvis større – frå «friheten til å adlyde regler innenfor et eksisterende rammeverk til at man kan lage sine helt egne regler». Staten må difor, meiner Fukuyama, spele ei sterkare rolle i den moralske danninga.

Korleis det skal skje når stadig fleire land vert mindre demokratiske, skriv Fukuyama ikkje så mykje om. Han er meir oppteken av korleis det liberale demokratiet som idé kan og må reformerast for å overleve seg sjølv.

Sentralt i den samanheng står ytringsfridomen, som er ein grunnleggjande verdi i eit liberalt demokrati med toleranse for ulike meiningar.

Skal liberalismen i den samanheng ha noko å tilby oss framover, må me ifylgje Fukuyama «anerkjenne behovet for en statlig styring» og legge bak oss «den nyliberale epoken der staten ble demonisert som en selvskreven fiende av økonomisk vekst og individuell frihet». Kanskje me kan kalle det ei form for statsliberalisme?

Jan Erik Grindheim

Fyrsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg og statsvitar i tankesmia Civita.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis