Einsemd på fleire språk
Lina Wolff lagar velskriven og sprø underhaldning av einsemd.
Lina Wolff fekk August-prisen i 2016 for romanen som no er omsett til norsk.
Foto: Forlaget Oktober
Roman
Lina Wolff:
De polyglotte elskerne
Omsett av Bodil Engen
Forlaget Oktober
Ordet polyglott blir brukt om ein som snakkar fleire språk, eller ei bok som er skriven på fleire språk. Svenske Lina Wolff skriv om einsemd ved hjelp av tre romanfigurar med ulike språk.
Fleirspråkleg
Dei tre personane snakkar ulike språk ved at dei uttrykker seg forskjellig etter kva bakgrunn dei har. Wolff gir slik personane mykje farge, det er lett å sjå dei for seg. Forteljingane heng ikkje direkte saman, men personane er til stades i historiene til kvarandre. Ellinor reiser for å treffe ein mann ho har snakka med på nettet. Språket hennar er nøkternt og litt bittersøtt. Og så har vi forfattaren Max som får livet snudd på hovudet etter hendingar som oppstår tilfeldig. Han fortel i eit meir pretensiøst språk. Og så blir vi med til Italia der Lucrezia, som er av adelsslekt og brukar eit litt fornemt språk, prøver å ordne opp i økonomiske problem. Omsetjar Bodil Engen får med seg nyansar og små humoristiske stikk, og teksten er god å lese.
Romanen inneheld dessutan fleire frasar på andre språk. Lina Wolff har sjølv budd i Spania, og ho brukar språket mellom anna for å vise korleis ord som lyder vulgære på skandinavisk, kan bli vakre på spansk og italiensk. Slik får vi sjå kor avhengig mykje er av kontekst og humør.
Einsemd
Einsemda og lengslene hos romanfigurane oppstår ikkje på grunn av mangel på innhald eller potensial til gode liv. Det skjer heller trass i dette. Litteratur, særleg Michel Houellebecq, og sex, både innanfor og utanfor heimen, er blant reiskapane dei brukar for å sleppe unna einsemda. Vald er òg eit tema i boka, både fysisk vald og ein slags sjølvdestruktivitet som går igjen hos alle romanpersonane.
Boka er oppkalla etter eit manuskript forfattaren Max har skrive på skrivemaskin utan å ta kopi. Manuset blir av uheldige årsaker brent opp av ein av dei andre romanfigurane. Det er frustrerande å sjå korleis personane øydelegg for seg sjølve og for andre. Men samtidig er det mykje derfor boka er god; det er lett å kjenne seg igjen, for vi gjer jo alle så mykje dumt og uforståeleg.
Fortetta
De polyglotte elskerne minner meg ofte om noveller, ikkje berre fordi boka inneheld tre delvis separate forteljingar, men meir fordi Wolff gjer eit strengt utval i kva som blir fortalt. Alle hendingar som er tatt med, er vesentlege. Teksten er fortetta. Dessutan er fleire av kapitla skrivne som heile, avsluttande tekstar. Debutboka hennar frå 2009, Många människor dör som du, er ei novellesamling, og heilt sikkert svært leseverdig, ho òg.
Lina Wolff fekk Augustprisen i 2016 for De polyglotte elskerne. Eg føler at eg blir rikare og rikare mens eg les. Det er som om teksten verkeleg vil gi meg noko. Boka er energisk og full av humor. Stadig vekk kjem det sprø krumspring, og eg opplever lesinga som å vere publikum på ei sirkusliknande oppvising.
Katrine Judit Urke
Katrine Judit Urke er bibliotekar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg føler at eg blir rikare og rikare mens eg les. Det er som om
teksten verkeleg vil gi meg noko.
Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?