JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ein kinesisk Voltaire

Ai Weiwei har skrive memoarar som like mykje handlar om Kina som hans eigen familie, og om dei elendige vilkåra for ytringsfridomen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei har skrive ei memoarbok.

Foto: Ai Weiwei Studio

5758
20220218
5758
20220218

Sakprosa

Ai Weiwei:

1000 års gleder
og sorger

Omsett frå engelsk av Gunnar Nyquist
Cappelen Damm

Kva skal vi gje til Erna Solberg når ho vert 61 år 24. februar? Eller kva skulle vi ha gjeve til Erik Solheim då han vart 67 år 18. januar? Svaret kjem til slutt i denne meldinga, som er ei melding av boka til ein kinesisk kunstnar, Ai Weiwei, som særleg driv med installasjonskunst og performance og dokumentarfilm.

Boka er ikkje ein sjølvbiografi, men meir generelt «memoarar», og ikkje berre om Ai Weiwei, men ei familiekrønike om tre generasjonar: faren hans, Ai Qing (1910–1996), Ai Weiwei sjølv (1957–) og sonen hans igjen, Ai Lao (2009–). Ho dekkjer om lag tida frå Sun Yat Sen-republikken (1911) og fram til i dag. Altså er det òg ei forteljing om det moderne og etter kvart kommunistiske (frå 1949), eller snarare det sosialkapitalistiske kinesiske diktaturet (frå 1980).

Men ikkje berre det. Kina er eit gamalt land: Tittelen 1000 års gleder og sorger viser attende til denne fortida og er ein metafor for dei fleire tusen år med gleder og sorger som speglar seg i livet til desse tre, og til dagens milliard av kinesarar.

Kunstnarfar

Først handlar boka altså om Ai Qing, frå ein landeigarfamilie som hadde pengar til å senda han til Frankrike for å verta kunstmålar (1928–1932), der både Zhou Enlai og Deng Xiaping studerte ti år tidlegare. Heimkomen vart han fengsla i seks år for å ha måla nokre bilete som Kuomintang tolka å uttrykkja kommunistsympatiar. Frå då av vart han poet og ein av Kinas mest respekterte.

Mange av dikta er gjevne att i boka, og sjølv i dobbel omsetjing, frå kinesisk til engelsk til norsk, skjønar vi kor gode dei er. Dikta handlar om livet generelt, om sosial urett og det å skrive ut frå tru på ytringsfridom. Men når han i 1942 slår seg saman med kommunistane i Yan’an, vert han snøgt instruert og hjernevaska av Mao om at han ikkje lenger har noko så borgarleg som ytringsfridom. Det stoggar diktinga, men gjev han medlemskap i partiet.

Ai Weiwei gjer eit lurt forteljarteknisk grep med å veksla mellom farens historie og felleshistoria deira frå kulturrevolusjonen av (1967), då faren, saman med den 10-årige Ai Weiwei, vert dømd til forvising til strøka nær Gobi-ørkenen. Då hadde Ai Qing alt, ti år før, vorte utstøytt av partiet under Lat 100 blomar blomstra-kampanjen. Saman med familien vart han send til ein skogbruksleir nordaust i landet, om enn berre i to år.

Men altså ti år seinare er det ny forvising, der berre dei to er saman i seks år under fæle tilhøve, i ei jordhole, og med dagleg trakassering. Heldigvis døyr Mao i 1976, og Deng Xiaping kjem til makta i 1980, noko som gjev det lettare for far og son. Ai Weiwei utdannar seg på filmakademiet i Beijing og reiser i 1981 til New York, der han vert buande til 1993, inspirert av kunstlivet i storbyen.

Kritisk aktivisme

Attende i Beijing byrjar han for alvor med kritisk utfordrande aktivisme. For Ai Weiwei er ikkje ein vanleg kommersiell kunstnar. Jo, han deltek i utforminga av Fuglereiret, det olympiske stadionet i Beijing, men tar sidan avstand frå det. Og det mest kjende verket hans, dei 200 millionar handlaga keramiske solsikkefrøa spreidde utover golvet i Tate Modern, er samstundes symbol på fridomen til kvar og ein kinesar.

Han viser òg eit bilete av handa si som «viser fingeren» på Himmelfredsplassen. Seinare byggjer han seg eit atelier som vert overvaka som ein torn i auga på regimet og til sist rive – i motsetnad til det store kommersielle kunstsenteret i Beijing, 798, der alt er tillate så lenge det er ufarleg, og av det slaget som vert stilt ut på Astrup Fearnley-museet i Oslo.

Og Ai Weiwei går laus på styresmaktene si tildekking av kva som hende under jordskjelvet i Sichuan i 2008, og offentleggjer 5385 namn på omkomne skulebarn som døydde i dårleg bygde skular. Noko som fører til at han vert banka opp av politiet, slik at han får ei hjernebløding som han så vidt overlever.

Han blandar seg òg inn i manglande rettstryggleik og oppfører seg i det heile slik Voltaire gjorde det mot l’ancienne regime, og vert difor stadig meir hata og trakassert av det kinesiske «nye» regimet. Og han omgår sensuren, det òg som Voltaire, berre at Ai Weiwei brukar Twitter og andre nettkanalar etter kvart som regimet stengjer dei ned. Og slik Voltaire måtte søkja ly i Genève, er no Ai Weiwei og familien hans utflytta til Europa.

Botnpunktet

Trakasseringa som gjorde slik utflytting naudsynt, toppa seg i 2011, i tida kring utdelinga av Nobels fredspris til Liu Xiaobo. Regimet frykta at Ai Weiwei skulle reisa ut og delta i kampanjane mot fengslinga, og arresterte han på flyplassen i Beijing under påskot av manglande skattinnbetaling. Dei heldt han så fengsla i 81 dagar, utan rettar, og utan at han visste kvar eller kor lenge. Lyset vart aldri slått av, og sjølv på do var det to vakter som følgde med på kva han gjorde.

På mange vis er skildringa av dette eit høgdepunkt – eller botnpunkt – i boka, og ho inngår i ein lang tradisjon av forhøyrslitteratur, ikkje minst med referansar til romanen 1984. Her er attgjevinga av dialogen så detaljert at ein lett kunne ha laga teater av det. I det heile er boka skriven på eit høgt litterært nivå.

Til slutt var det desse gåvene til Solberg og Solheim? Jo, dei to har mykje til felles: Medan Erna reiste til Kina i 2017 og lova å ikkje kritisera regimet mot å få selja laks, vekte Erik oppsikt i 2015 ved å påstå at Kina ikkje lenger er totalitært. Denne boka må vera ei­ passande gåve til dei begge.

ArilD Pedersen

Arild Pedersen er filosof og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ai Weiwei er ikkje ein vanleg kommersiell kunstnar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis