Bok

Ein dødsdans

Sara Sølberg skriv med stor tankekraft og klinisk intuisjon.

Sara Sølberg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for debuten i 2016.
Sara Sølberg vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for debuten i 2016.
Publisert

Da Sara Sølberg (f. 1983) debuterte med romanen Seismiske smell i 2016, blei ho fort lagt merke til i det litterære miljøet: Ho blei nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris, og i 2017 var ho den første til å få Noregs teknisk-naturvitskaplege universitets litteraturpris som annakvart år går til eit faglitterært eller eit skjønnlitterært verk.

Det er altså med visse forventningar ein les Sarabande, den andre romanen hennar, og ein ser fort at her er det noko med ambisjonsnivå, komposisjon og vinkling av stoffet som viser høgt litterært medvit i form av ei intens og kompromisslaus framstilling i ei kopling mellom psykisk sjukdom og den pågåande klimakrisa verda står oppe i.

Framand i verda

Forteljaren Silje jobbar som gartnar i Botanisk hage på Tøyen i Oslo. Ho har stor fagleg innsikt og ei klar forståing av det økologiske artsmangfaldet og kva for indre og ytre krefter som verkar inn og definerer alt liv på jorda, frå dei minste celler til mennesket som forvaltar både natur og kultur.

Ein ser fort at det er noko gale med Silje. Ho greier verken å halde husværet eller seg sjølv på stell, ho fell ut av alle normale samanhengar og opplever verda gjennom maur og meitemark: «Jeg forsto at jeg ikke bare var meg selv lenger, men at jeg kunne innta alt, bli alt: insektene i skogbunnen, fuglene i trærne, pinnsvinet i buskene. Jeg var vannmolekylene, bakteriene og meitemarkene.»

Denne tankegangen og kjensla av å vere ein annan enn seg sjølv, går tilbake til barndommen og eit uavklart forhold til ei fjern mor og ein far som aldri blir nemnd: «Det var tidlig klart for meg at jeg var en fremmed i verden.» Ei slik totalforståing av verda, den eksistensielle angsten og den avgrunnen ho ser ned i, blir ikkje til å bere, og ho vaknar i ei reimseng på eit psykiatrisk sjukehus.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement