Bok

Ei viktig og god bok

I 1930-åra vart den jødiske familien Salomon behandla som spedalske i den vesle bygda Vang i Valdres. Det mest oppsikts­vekkjande er likevel det som skjer med bankkontoen til familien etter krigen.

Ingeborg Solbrekken er sakprosaforfattar og har tidlegare skrive om Kirsten Flagstad og utanomrettslege sider ved det norske rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen.
Ingeborg Solbrekken er sakprosaforfattar og har tidlegare skrive om Kirsten Flagstad og utanomrettslege sider ved det norske rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen.
Publisert

Artiklane som Bjørn Westli skreiv om «Det norske jøderanet» i Dagens Næringsliv i 1995, sette i gang ein prosess som ikkje er fullført. Skarpnesutvalet følgde opp arbeidet til Westli i 1996. Dei skulle granske kva som skjedde med eigedommane til dei norske jødane under krigen. Så kom Bjarte Brulands bok Holocaust i Norge.

Skikkeleg fyr på bålet vart det først då Marte Michelet kom med boka Hva visste hjemmefronten? i 2018. Det var ein oppfølgjar til boka Den største forbrytelsen frå 2014. Begge bøkene kritiserte den norske haldninga til jødeforfølginga under krigen.

I kjølvatnet av Michelet kom Berit Reisel ut med boka Hvor ble det av alt sammen? Plyndringen av jødene i Norge. Her rettar ho søkjelyset spesielt mot erstatningssystemet etter krigen. Ein må heller ikkje gløyme Synne Corell. Den siste boka, Likvidasjonen, frå 2021, handlar om jakta på eigedommen til jødane.

På «framande hender»

Familien Salomon budde i Danmark i byrjinga av 1930-åra. Like etter at Adolf Hitler kom til makta i Tyskland i 1933, forstod mange jødar at dei skulle utryddast. Hans og Gunvor Salomon, saman med mor og bror til Hans, søkte seg til ein idyllisk stad. Så langt unna Tyskland som mogleg. Dei tenkte at Noreg var ein trygg stad å vera, og valde derfor å kjøpe riddargarden Sørre Leirhol i den vakre bygda Vang. Det skulle dei ikkje ha gjort.

Bygdefolket var skeptisk frå første dag. Dei ønskte ikkje at den ærverdige garden skulle komma på «framande hender». Og slett ikkje hos utlendingar. Som om ikkje dette var nok: Jødar var i alle fall ikkje velkomne. No vakna bygdedyret for alvor. Første utfordring var å få konsesjon på garden. Det var ein føresetnad for å få bu der. I lokalavisa Valdres kunne ein 13. juni 1939 lese på framsida:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement