JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei etterlengta og grundig historiebok

Denne boka bør lesast av den som interesserer seg for noregshistorie generelt, ikkje berre samisk historie.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Samisk historie frå helleristingsfeltet i Alta, som er på verdsarvlista til Unesco.

Foto: Henrik Laurvik / NTB

6734
20210514
6734
20210514

Sakprosa

Astri Andresen, Bjørg Evjen og Teemu Ryymin:

Samenes historie fra 1751 til 2010

Cappelen Damm

For sytten år sidan kom Lars Ivar Hansen og Bjørnar Olsens Samenes historie fram til 1750 – ein milepåle i Noregs historieskriving om samane. Vi har mangla ei bok som heldt fram forteljinga til våre dagar, men med Samenes historie fra 1751 til 2010 er ventetida endeleg over. Boka er grundig, har klar struktur, godt språk og velvalde illustrasjonar. Dette er ei viktig bok som er tilgjengeleg lesnad både for eit akademisk publikum og for andre.

Ein ambisjon med Samenes historie er å fortelje historia slik at samane sjølv står i sentrum: Forfattarane vil unngå ei offerforteljing som usynleggjer samane sine eigne handlingar og val. Boka drøftar utfordringane ved å fortelje historia om eit urfolk på ein sånn måte: Korleis få fram viljekrafta og aktiviteten til urfolket utan at lesaren taper av syne at staten reint faktisk overkøyrde urfolket og i stor grad tok frå dei høvet til å gjere eigne val?

Dette er kanskje spesielt viktig i kapittelet om 1917–1940, då tilhøva låg særleg dårleg til rette for samepolitisk verksemd i Noreg. Boka klarer i stor grad denne balansegangen.

Samtidig strekar boka under at ho stort sett handlar om samane på norsk side av statsgrensene som vart dregne gjennom Sápmi i 1751 (Danmark-Noreg mot Sverige) og 1826 (Sverige-Noreg mot Russland). Av og til blir situasjonen til samane i andre statar dregen inn – spesielt kapittelet om 1963–1990 skil seg positivt ut med tanke på dette. Kapittelet om 1917–1940 kunne derimot gjerne hatt med meir om dei spennande hendingane på russisk side i tidleg sovjettid. Men forfattarane har valt at dette skal vere ei bok først og fremst om samane i Noreg, og verket må dømmast ut frå den avgrensinga.

På overordna nivå handlar historia som trer fram, om korleis statsmaktene har utøvd noko denne meldaren vil kalle landrov og kulturutsletting, medan samane og deira allierte har arbeidd for at samane skal overleve som folk og kultur. Men boka gjer eit poeng av å gå djupare inn i materien, og då er verda alltid meir komplisert. Uventa enkelthendingar, individuelle strategiar, handlingar med ulike effektar på kåra til samane, gråsoner, variasjonar og historiske svingingar trer fram – utan at ein mistar den overordna forteljinga av syne.

Stadnamn og invasjon

Som alle andre bøker har også denne boka noko forbetringspotensial. Ho hadde for eksempel vunne på ei felles tilnærming til bruk av samiske stadnamn på tvers av kapitla – og kunne gjerne skildra fornorskinga av samiske stadnamn meir utførleg.

Det må òg seiast at motstanden mot tyskarane som rykte fram nordover, fell litt mellom to stolar – kapittelet om mellomkrigstida 1917–1940 og okkupasjonsåra 1940–1945 – noko som fører til at innsatsen til Alta-bataljonen ved Narvik ikkje blir nemnd.

Meldaren saknar òg litt meir om opphavet og rolla til Norsk Sameråd (1964–1989). Det er elles nokre trykkfeil i boka, men dei kan teljast på éi hand: to stader har ein enkeltperson og ein organisasjon fått feil namn, og to stader har geografien blitt skildra litt feil. Vi får håpe at det kan rettast til neste opplag.

drøfting og polemikk

Eit akademisk historieverk må drøfte ulike syn på historia, og boka diskuterer godt ulike perspektiv på nøkkelhendingar og prosessar. Det kan nok bli litt mykje for ikkje-akademiske lesarar, men her er det ein balansegang mellom å tekkjast ulike lesargrupper.

Tidvis kan det verke som boka har ein litt polemisk tone mot synspunkt forfattarane ikkje deler, og på eitt punkt er haldninga til ulike vis å snakke om samisk historie på litt inkonsekvent: Det er når omgrepet «kolonialisme» blir nemnt saman med «kulturelt folkemord» som døme på omgrep for norsk historisk samepolitikk som «noen ville si [er] ekstreme.»

Tidlegare i boka har forfattarane teke sterk avstand frå omgrepet «kulturelt folkemord», men derimot behandla «kolonialisme» som eit anvendeleg omgrep, og boka bruker dessutan sjølv kolonismeomgrepet i analysen av samisk historie. Dette avslører kanskje først og fremst eit visst fleirstemmig forfattarkollegium, men boka legg elles opp til å bli lesen som eit integrert verk.

Ein uvurderleg ressurs

Boka gjev eit solid oversyn over hendingar og prosessar i tilhøvet mellom samar og den moderne norske staten og forgjengarane. Ho gjer oss kjende med eit vell av personar, organisasjonar og institusjonar som har hatt ulik påverknad på vilkåra for at samane kunne overleve som eige folk med eigen kultur.

I tillegg til å vere ein uvurderleg ressurs for samisk-politisk historie er ho grundig på reindriftshistorie, samtidig som ho òg stadig rettar merksemda mot ei stor gruppe samar som tidlegare har vore både gløymde og nedvurderte – den store samiske befolkninga på kysten som fornorskingsprosessen gjekk spesielt hardt ut over. Gjennom faktaboksar får vi òg spennande djupdykk i nokre enkelthendingar og enkeltskjebnar.

Målretta fornorsking

Boka kastar lys over fornorskingsprosessen på ein interessant måte. Forfattarane skil mellom målretta fornorsking, altså dei konkrete tiltaka som skulle fornorske samane, og allmenn fornorsking. Det siste er mellom anna at norske institusjonar vart utvida innover i det samiske samfunnet på måtar som ikkje tok omsyn til at urfolket har eit anna språk og ein annan kultur.

Ein skal ikkje undervurdere kor mykje det bidrog til fornorskinga at samar måtte innordne seg eit stadig meir nærgåande samfunnsmaskineri som beint fram ikkje tok innover seg at det samiske eksisterer.

Meldaren vil føye til at den allmenne typen fornorsking framleis er ganske lett å få auge på i dagens Noreg.

Sjølv om samar no har fått anerkjent rett til skuleopplæring i og på samisk, er det mange samiske unge som står utan eller har eit mangelfullt samisk skuletilbod i praksis; samar møter i stor grad det offentlege på norsk og lever i det språklege presset som kjem av at alt i storsamfunnet skjer på norsk. Det er framleis ei utfordring at den norske staten forvaltar samiske tradisjonelle næringar og landområda deira på ein måte som iblant ikkje tek omsyn til dei behova samane veit at næringane har.

Dette er ei bok alle bør lese som interesserer seg ikkje berre for samisk historie, men for Noregs historie generelt. Kjenner du ikkje denne delen av historia, kjenner du ikkje Noreg.

Mikkel Berg-Nordlie

Mikkel Berg-Nordlie er historikar og forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR ved OsloMet og fagansvarleg for samisk historie i Store norske leksikon.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Boka gjev eit solid oversyn over hendingar og prosessar i til­høvet mellom samar og det moderne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis