JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Ei dagbok for eit løparhjarte

Andreas Hompland spring ikkje frå noko, men inn i seg sjølv. Turane hans er utflytande og lange, men boka er glitrande kvass.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Andreas Hompland spring for å verte eldre med ein viss kontroll over forfallet.

Foto: Fotograf Sturlason

4075
20171222
4075
20171222

Sakprosa

Andreas Hompland:

Livsløp. Ei bok om å springa, og alt det kan føre med seg

Kagge

Andreas Hompland er galen etter å springe, og han veit det. Han spring fordi det er eit vanedannande rusmiddel. Hompland har freista å trappe ned, men då kjem abstinensen. Springinga er vane, men ikkje berre vane, det er eit kroppsleg og eksistensielt behov hjå han, noko han berre ha. Han byrja som springar for å bli god. Men no spring han for å ha det godt. Han spring ikkje for å verte yngre, men for å verte eldre med ein viss kontroll over forfallet. Når han no har skrive eit testamente over livet som løpar, er det lett å sjå kvifor han korkje kan eller vil slutte: Det gjev han for mykje.

Sæle og fred

For dei som har sprunge, men har slutta, vil denne boka vere vond. Anten må du hive henne i veggen for aldri meir å opne henne, eller så må du tørke støvet av tightsen og kome deg ut att. Senke krava i takt med farten, byrje i det små. For dei som trenar for å vinne premiar eller setje rekordar, og som difor piner seg gjennom springinga, vil boka vere provoserande: Sidan Hompland ikkje hatar mens han spring, og det attpåtil langt, vil boka frå den springande zenfilosofen kjennest som eit slag i andletet: Dei lange turane gjev han sæle og fred.

Men for dei av oss som spring fordi vi likar oss sjølve betre når vi spring, fordi vi veit at vi eldest og nett difor justerer krava til tider og kva kroppen kan gjere, vil denne boka utløyse nikk etter nikk: Ja, nett slik er det! I tillegg skriv Hompland så godt at sjølv du som aldri har gått lenger enn til butikken, vil finne stor glede i boka. Hompland er ein seig jævel som springar, men han har òg eit imponerande overskot som skrivar.

Hompland har i eit langt skriveliv spissa fram ei form som er krydra med aforismar, hint og nikk til poetar og andre forfattarar i tillegg til andre essayistiske krumspring. Det er knapt ei overflødig setning i boka. Han skriv like fjørlett som han spring. Springinga kan setjast inn i alle menneskelege fasar: Du kan springe deg ut av depresjon og svartsyn, ut av skilsmisse og sorg. Du kan springe deg inn i eufori og runner’s high, denne oppløfta kjensla av å vere eitt med alt. Men du kan ikkje springe deg ut av tvangsløpinga, der du lurar deg sjølv til å nyte pina og setje pris på plagene. Løpsgleda må verjast som ein skatt. Han skriv om skadar, samløping og maratonløping, som han kallar ein slags verdsleg askese for sekulære protestantar. Maraton er som livet: «Det er meiningslaust, vondt og vanskeleg. Du startar opplagd, møter gleder og plager undervegs, når slutten tappa for kraft og krefter, men nett difor er du nøgd.»

Livsvisdom

Boka er like mykje ei bok om kroppen som om springinga, for det er heile kroppen som spring. Hompland har presise skildringar av kva som skjer på dei lange turane: Du legg ut med hovudet fullt av otte og kvardagsleg hat, men undervegs tek pust og hjarte og bein tak i deg og løftar deg ut av sjølvrefleksjon og meiningslaus tankekverning: Du vert ein gissel av kroppen din, og det berre til di eiga signing.

Det finst altfor mange bøker om effektiv trening, intervalldrag og korleis du kan kome i form raskast mogleg. Om du har kjøpt ei eller fleire av desse: Gøym dei bort, gløym alt du har lært. Lat Hompland guide deg tilbake til kroppen din. Du vil få att motet og lysta til å springe, og du vil lære noko viktig om livet på vegen. Du vil få ei form som kan vare langt inn i 80-åra, kanskje set du rekordar, kanskje ikkje, men viktigast av alt: Du lærer å arbeide med og ikkje mot deg sjølv og din eigen kropp. Du vil lære å eldast med verde. Livsløp er livsvisdom og treningstips på same tid.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal, forfattar og teolog, fast skribent i Dag og Tid.

Andreas Hompland er òg skribent i Dag og Tid, men Skjeldal og Hompland kjenner ikkje kvarandre.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hompland er ein seig jævel som springar, men han har òg eit imponerande overskot som skrivar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis