Eg kjende aldri Rolf Sagen anna enn gjennom det han skreiv, men eg møtte han ein einaste gong, heilt tilfeldig, den hausten Hitra-aksjonen var på sitt mest aktive. Da reiste eg rundt og samla inn materiale til ei hovudoppgåve i namnegransking, og kven møtte eg ved kjøkkenbordet hos aksjonsleiar Arnfinn Aune på Sandstad, andre enn Rolf Sagen.
Det var tidleg morgon, eg hadde tatt ferja over leia for å sykle innom folk som kunne seie eitt eller anna om namn på fiskeplassar, médnamn heiter det vel enda, og der sat Rolf Sagen i kvit helsetrøye ved kjøkkenbordet hos Arnfinn Aune, supa kaffi og deklamerte frå den nye diktsamlinga si Båten til Bergen. Det var i 1975.
Mange år seinare, i 2001, var eg konsulent på den romanen Rolf Sagen omsider ga ut om Hitra-aksjonen, Hundre bønder. Det var ei gjenkjenning av det genuint lokale som han hadde ei eiga evne til å dokumentere ned i minste detalj ut frå notat, lydopptak og observasjonar han gjorde under samtalar med folk han møtte. Slik skreiv han fram ei stemning som femner både den indre og den ytre dramatikken i periferiens opprør mot sentrum.
Det var eit kort møte, men for min del varer det vidare som opplevd lesing av eit originalt og mangesidig forfattarskap.
Rolf Sagen døde 6. april 2017, 76 år gammal.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Eg kjende aldri Rolf Sagen anna enn gjennom det han skreiv, men eg møtte han ein einaste gong, heilt tilfeldig, den hausten Hitra-aksjonen var på sitt mest aktive. Da reiste eg rundt og samla inn materiale til ei hovudoppgåve i namnegransking, og kven møtte eg ved kjøkkenbordet hos aksjonsleiar Arnfinn Aune på Sandstad, andre enn Rolf Sagen.
Det var tidleg morgon, eg hadde tatt ferja over leia for å sykle innom folk som kunne seie eitt eller anna om namn på fiskeplassar, médnamn heiter det vel enda, og der sat Rolf Sagen i kvit helsetrøye ved kjøkkenbordet hos Arnfinn Aune, supa kaffi og deklamerte frå den nye diktsamlinga si Båten til Bergen. Det var i 1975.
Mange år seinare, i 2001, var eg konsulent på den romanen Rolf Sagen omsider ga ut om Hitra-aksjonen, Hundre bønder. Det var ei gjenkjenning av det genuint lokale som han hadde ei eiga evne til å dokumentere ned i minste detalj ut frå notat, lydopptak og observasjonar han gjorde under samtalar med folk han møtte. Slik skreiv han fram ei stemning som femner både den indre og den ytre dramatikken i periferiens opprør mot sentrum.
Det var eit kort møte, men for min del varer det vidare som opplevd lesing av eit originalt og mangesidig forfattarskap.
Rolf Sagen døde 6. april 2017, 76 år gammal.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.
Foto: Prime Video
Moro for middelklassen
Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
29 år gamle Jordan Bardella leier det franske høgrepopulistiske partiet Rassemblement National – som omsett til norsk vert Nasjonal samling. Det ligg an til å verte det største partiet i Frankrike ved EU-valet om ein månad. Biletet er frå eit valkampmøte i Perpignan, sør i Frankrike, 1. mai.
Foto: Manon Cruz / Reuters
Eit Europa i mørkare blått
Partia ytst til høgre ligg an til å styrkje stillinga si i Europaparlamentet ved valet om ein månad. Men dei kjem ikkje til å få stor politisk makt, ifølgje diplomat og forskar Sverre Jervell.