Det våte elementet
Frode Grytten skriv usminka tekstar om mennesket, vatnet og det skøyre livet.
Frode Grytten har skrive noveller tett på samtida.
Foto: Helge Skodvin
Noveller
Frode Grytten:
Gut, jente, juni, juli
Forlaget Oktober
Utan vatn er ikkje livet, slik me kjenner det, mogleg. Såleis er vatnet avgjerande for mennesket av biologiske årsaker, men også på andre måtar.
I Innlandet seier somme at dei kan bu kor som helst i verda, berre dei ser Mjøsa, andre treng ei utmerkt elv til å spytta i, eller ein fjord å sigla på, gjerne inn på ein våg dei ikkje har visst om. I den nye novellesamlinga til Frode Grytten er vatnet også ein føresetnad på ymse vis, og markant til stades.
Tekstane er tidt flytande i seg sjølv. Som flo og fjøre står avsnitt nokre gonger mot kvarandre, og Grytten kan ha små born, ungdommar, gutar, jenter, kvinner og menn i sentrum av handlinga, han veit korleis dei tenkjer, og lesaren trur nesten kvart einaste ord.
Tett på samtida
Novellene byrjar midt i hendingane. Grytten lit på publikum og nyttar ikkje høvet til å vera skulemeister, orda stengjer ingen ute, han veit kva han vil få fram, og korleis han skal få det til utan å ty til store fakter eller kunstig språk. I replikkvekslingane snakkar personane i boka oftast slik at dei vert truverdige, dei er korkje spesielt kloke eller dumme, men nyttar omgrep utan avklaring, som om ord utan absolutt konkret representasjon, til dømes verbet å elska, har ei fastlagd tyding, ein viss poengsum, ein masse eller farge. Det er jo dette som gjer folk til å halda ut, og uuthaldelege, på same tid.
Personane i boka kan også syna seg både som reflekterte og affekterte, særleg på innsida, til dømes ei ung jente i novella «Nattsvømming». Ho er skarp i observasjonane, men plagar seg sjølv med uturvande tunge tankar og er deprimert utan konkret årsak. Her, som mange stader elles i samlinga, og i heile forfattarskapen, ligg Grytten tett på fenomen i samtida. Ved dette høvet kjem han inn på temaet sjølvmord og sjølvmordstankar hjå ungdom. Han presenterer noko tidstypisk, men argumenterer ikkje for det eine eller det andre synspunktet. Fiksjonen er ikkje autoritær, men nøytralt eksemplarisk, og det er vel eit kjenneteikn på novella som sjanger.
Korte riss
I novella «Redningsmann» er affekten eit fysisk observerbart fenomen, ei kvinne som vil setja mannen sin på prøve på dramatisk vis. Her, som i dei fleste andre tekstane, er heile novella berre nokre korte riss frå eit liv me elles ikkje skal få vita noko om, og kanskje det også er eit særdrag ved novella. Ho er som eit tilfeldig møte med ein framand ein aldri skal treffa att, langt borte i eit anna land. Men slike korte møte, som i novella «Feit mann på stranda», vert sitjande fast i minnet, ein kom nær noko, det tragiske, det underlege, eller, som i andre tekstar: det skøyre livet.
I novella «David Hockney i regn» møter me litt andre slags folk enn i tekstane elles, eit par ungdommar med eksepsjonell kulturell kapital, og sjølv om eg generelt har større tru på ungdommen enn på min eigen generasjon, har eg litt vondt for å tru heilt på desse to.
Mot slutten kjem det eit sjølvbiografisk minne, om bestefar Anders Grytten, og spørsmålet om han kunne symje eller ei. Den vesle anekdoten vert sitjande i tanken etterpå, han ekspanderer og tek såleis sin rettmessige plass i samlinga. Dessutan minner teksten meg om dette hjartesukket frå president Lyndon B. Johnson: «If one morning I walked on top of the water across the Potomac River, the headline that afternoon would read: ’President can’t swim’.»
Odd W. Surén
Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tekstane er tidt flytande i seg sjølv.
Fleire artiklar
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?
Teikning: May Linn Clement
17. mai-pengar
«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»
Foto: Terje Pedersen / NTB
FHI svikter sitt samfunnsoppdrag
«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»
Emilie Enger Mehl avbilda på veg til pressetreff på Grøndland for å presentere Revidert nasjonalbudsjett, 14.05.2024. I budsjettet vert det mellom anna satt av penger til å reversere domstolsreforma. Foto: Javad Parsa / NTB.
Javad Parsa
– Uforståeleg domstolsendring
Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset er kritisk til at regjeringa vil reversere domstolsreforma.