Bok

Det vanskelege samlivet

Odd Klippenvåg er ein stødig, stilsikker og god novellist – av dei beste i landet.

Odd Klippenvåg har skrive i lang rekkje romanar og novellesamlingar.
Odd Klippenvåg har skrive i lang rekkje romanar og novellesamlingar.
Publisert Sist oppdatert

En lykkelig gift mann er den 24. tittelen i Odd Klippenvågs portefølje sidan debuten i 1978. Det blir rundt ei bok annakvart år frå ein disiplinert og produktiv forfattar som vekslar mellom noveller og romanar. Årets bok er den åttande novellesamlinga.

Odd Klippenvåg skriv i ein psykologisk-realistisk tradisjon i norsk litteratur med røter bakover til Sigurd Hoel og Johan Borgen, der både sjølvbedrag, kjærleikssvik og driftsliv på avvegar er viktige tema, sett i lys av familiære forhold med løyndommar som kjem opp i dagen og skaper konfliktar og dramatikk mellom dei enkelte og mellom generasjonane.

Årets bok består av seks noveller. Fem av dei er lokaliserte til Oslo, der Klippenvåg bur; innleiingsnovella har handling frå Lofoten, der Klippenvåg kjem frå. I alle novellene møter vi middelaldrande og eldre menn, alle er gifte eller lever saman med ein partnar i homoseksuelle eller heteroseksuelle forhold.

Overgrep

Berre i opningsnovella møter vi ein innbarka ungkar, og det er denne ungkaren som tar kontakt med søstera etter 13 år med beskjed om at faren er død. Ho møter ikkje i gravferda, men kjem seinare på sommaren, alkoholisert og med traume frå barndommen etter å ha vore misbrukt av sin eigen far. No kjem ho heim, kanskje for å gå til grunne, kanskje for å reise seg igjen.

Overgrep finn ein også i «Skalldyr», som handlar om eit festleg lag der eit homofilt par byr på skaldyrfest. Ein unggut som ingen kjenner, blir også med, og etter kvart som promillen stig og vettet krympar, endar det med at to forgrip seg på guten, mens kjærasten til den eine blir ufrivillig vitne til det heile. Slikt har sin pris.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement