Det tapte paradiset
Maja Lunde spår ei dyster framtid for menneskeslekta.
Bøkene til Maja Lunde er omsette til 40 språk og har selt i meir enn fire millionar eksemplar.
Foto: Oda Berby
Roman
Maja Lunde:
Drømmen om et tre
Aschehoug
Med klima som overordna tema har Maja Lunde sidan 2015 levert fire omfangsrike romanar med handling frå ulike verdsdelar, dels historisk, dels i nær samtid, men også med liner fleire tiår fram i tid forbi neste hundreårsskifte. Romanane er bundne saman gjennom eit knippe sentrale personar som går igjen frå bok til bok. I den avsluttande Drømmen om et tre møter vi kinesiske Tao frå Bienes historie (2015) og fransk-norske Louise frå Blå (2017), mens Przewalskis hest (2019) blir observert på dei mongolske steppene når Tao i 2111 reiser heim til Kina etter ein mislukka ekspedisjon til Svalbard for å finne det globale frølageret frå 2008.
Svalbard 2111
I årets bok er handlinga lagd til Svalbard i 2111 med korte tilbakeblikk på utviklinga av øysamfunnet før og etter den miljørelaterte kollapsen rundt 2050. Russarane har trekt seg ut, kinesarane har drive forskingsstasjonar, men er også ute, og dei siste tiåra har dei rundt 500 innbyggjarane i Longyearbyen overlevd «på søppeldyngen til det moderne mennesket», isolerte frå omverda, men ikkje meir isolerte enn at befolkninga blir ramma av eit pestvirus overført frå fuglar.
I løpet av kort tid er alle døde med unntak av dei seks som går i ein slags karantene: farmor Louise og barnebarna Tommy, Henry og Hilmar saman med ungjenta Rakel og den mindreårige søstera Runa. Henry og Hilmar er også mindreårige. Tommy er 18, og det er gjennom Tommy i veksling med kinesiske Tao handlinga blir driven fram.
Denne gongen trekker Maja Lunde vekslar på robinsonaden – det å overleve på ei øy isolert frå omverda, men med tilgjengelege restar frå ein sivilisasjon, slik også Robinson Crusoe (1719) hadde det, og slik gutane i William Goldings Fluenes herre (1954) hadde det. Ein kan også trekke ei line til Harry Martinsons Aniara (1956), dikteposet om eit romskip ute av kurs under evakuering frå den fortapte planeten Tellus, der den einaste kontakten med den tidlegare sivilisasjonen går gjennom Miman, ein dataskjerm som viser det livet dei har forlate. Både Lunde og Martinson kjem med tydelege åtvaringar om kva som kan hende i ei ikkje altfor fjern framtid dersom dei destruktive kreftene får ture fram.
Solid kunnskap
Som i dei andre bøkene i klimakvartetten trekker Lunde fram historiske personar som har betydd noko for klimaet og artsmangfaldet. Denne gongen er det Nikolaj Vavilov (1887–1943), ein framståande russisk biolog og genetikar som bygde opp eit imponerande frølager i Leningrad. Han kom på kant med kommunistpartiet og blei fengsla, skulda for å vere utanlandsk agent, ein gjengangar i russisk rettsvesen, og han døydde i fengsel i 1943.
Alle bøkene i klimakvartetten er prega av solid kunnskap, grundig research og litterært handverk som viser ein forfattar som kan sitt fag. Lunde er dessutan ein effektiv forteljar som greier å trekke lesaren inn i fiksjonen. Med slike ting på plass vil kanskje lesaren bere over med at språket kan bli både flatt og pompøst til tider, og at lommefilosofiske utsegner av typen «døden er fravær av liv» får stå som platte konstateringar.
Likevel, klimakvartetten vil bli ståande som ein av dei store salssuksessane i nyare norsk litteratur. Om det blir ein like stor litterær suksess, står att å sjå.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Lunde er ein effektiv forteljar som greier å trekke lesaren inn i fiksjonen.
Fleire artiklar
Mina Hadjian saman med Rune.
Foto: Norsk Filmdistribusjon
Von for verstingar
Dokumentaren til Kari Anne Moe er ei kjærleikserklæring til Mina Hadjian og fengselsfuglar.
Rapartist og skodespelar Benedicte Izabell Ekeland imponerer i monologen om Cassandra.
Foto: Stig Håvard Dirdal / Rogaland Teater
Ordflaum om meininga med livet
Måten rapartist Benedicte Izabell Ekeland framfører ein lang monolog på ei naken teaterscene på, er imponerande. Men kva snakkar ho om i nesten ein time?
L’arpa festante blei grunnlagt i München i 1983.
Foto: Günter Ludwig
Frankofil elan
L’arpa festante spelar best der det går fort.