JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Det litterære og kulturelle krinsløpet

Skal ein forska på eit verk som En flyktning kryssar sitt spor, vil bokhistoria kunne klargjera at ein må velja mellom fleire ulike versjonar, og ikkje berre medvitslaust bruka siste utgåve.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå husværet til Henrik Ibsen i Arbiens gate i Oslo. Dramatikaren endra sjeldan anna enn ortografiske feil i manuskripta sine.

Foto: Aleksander Nordahl / NTB scanpix

6621
20171020
6621
20171020

Sakprosa

Ståle Dingstad, Aasta Marie Bjorvand Bjørkøy:

Litterære kretsløp

Dreyer

Enkelt sagt handlar denne mursteinsboka av Dingstad og Bjorvand Bjørkøy om å kartleggja korleis bøkene og verka til 15 norske forfattarar frå dei siste 200 åra har endra seg (eller ikkje) gjennom opplag, revisjonar, sjangerendringar, forkortingar, omsetjingar og feiltrykk – eit såkalla litterært kretslaup, gjort av forfattarane sjølve, redaktørar og andre.

Litterære kretsløp er ei slag tverrvitskapleg litteraturforsking som vert kalla bokhistorie, og som skil seg frå vanleg litteraturforsking som er meir interessert i sjølve innhaldet i tekstane.

Ein føresetnad for å gjera bokhistorie er at forfattarane/bøkene er litterære klassikarar. Kven ville bry seg om det har skjedd endringar frå det første til det 55. opplaget av ei Jo Nesbø-bok? Jau, ein kan sjølvsagt òg studera kiosklitteratur, slik til dømes Willy Dahl har gjort, men då er føremålet meir å få sosiologisk kunnskap om samfunnet og lesarane enn å få djupe innsikter om tilværet, slik ein vonar å få av å studera Shakespeare.

Kulturell identitet

Ikkje all litteratur, i tydinga høgverdige tekstar, er eller har ennå vorte klassikarar. Dei vert klassikarar berre nå dei både vert leste av folk flest og studerte av litteraturforskarar. Men det som gjer at bokhistoria til litterære klassikarar skulle vera av interesse for andre enn litteraturforskarar, til dømes vanlege lesarar av Dag og Tid, er at slike klassikarar òg vert sette på som medlemer i ein kanon som ikkje berre er litterær, men òg kulturell.

Som vi veit, lever vi i ei multikulturell tid der mange er uroa over tap av opphavleg kulturell identitet. Difor meiner mange at det er naudsynt å formulera slike ting som «norske verdiar» og ein kanon. Danskane var først ute i Norden. I Noreg har både kultur- og kunnskapsministeren etterlyst dette, og då kan denne boka, utan sjølv å ha ein slik intensjon, likevel vera eit bidrag til det.

For det første er spørsmålet om dei 15 forfattarane som her vert bokhistorisk studert, verkeleg er litterære klassikarar som òg høyrer heime i ein norsk kanon: Maurits Hansen, Asbjørnsen og Moe, Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen, Arne Garborg, Amalie Skram, Knut Hamsun, Olav Duun, Cora Sandel, Aksel Sandemose, Tarjei Vesaas, Torbjørn Egner, Olav H. Hauge og Gunvor Hofmo.

Dersom ein samanliknar med den litterære kanonen som Norsk Litteraturfestival laga i 2007, finn vi nesten alle desse der. Det mest slåande avviket er at Sigrid Undset ikkje er med blant dei 15, medan Maurits Hansen er det.

Bokhistoria

Den eine av dei to forfattarane, Dingstad, seier at det er eit tankekors at «moderne litteraturforskere ikke har kunnskap om hvorfor våre klassikere er blitt som de er blitt». For slik kunnskap kan ha fleire bruksmåtar: Skal ein forska på eit verk som En flyktning kryssar sitt spor, vil bokhistoria kunne klargjera at ein må velja mellom fleire ulike versjonar, og ikkje berre medvitslaust bruka siste utgåve. Forfattarane nemner tilfelle der doktorandar nettopp har gjort noko slikt.

Dette gjeld særleg slike forskarar som meiner ein berre skal sjå på verket. Bokhistoria kan stilla spørsmål om til dømes En flyktning kryssar sitt spor verkeleg er berre eitt verk, og ikkje heller fleire verk. Ja, når vi ser korleis endringar skjer frå utgåve til utgåve, kan ein stilla spørsmål med sjølve førestellinga om eit verk, og om ein ikkje heller kan tala om at tekstar er prosessar eller mellombelse pausar i ein evig revisjonsprosess.

Om ein derimot høyrer til den skulen som legg vekt på kva forfattaren meinte, vil endringar – òg kartlagde av bokhistoria – gje interessant informasjon. Då kan ein nærast direkte observera kva som går føre seg i hovudet på forfattaren.

Bjørnson vert framheva som ein som ustanseleg fekk nye intensjonar som gjorde at tekstane vart endra, til dømes viser Dingstad korleis «Ja, vi elsker» går gjennom ein slik prosess. Dingstad seier slåande at Bjørnson var ein forfattar som skreiv før han tenkte, og difor stadig måtte revidere det han hadde skrive i takt med ettertanken. Medan Ibsen, slik bokhistoria hans viser, var ein forfattar som tenkte grundig før han skreiv. Her skjer det mest ortografiske endringar.

Eit spesielt tankevekkjande kapittel er det som handlar om Jan Erik Volds noko frie redigering i samband med utgjevinga av Gunvor Hofmos Samlede Dikt (1996). Det er ikkje kvantitativt mange endringar Vold gjer, men i dikt kan eit punktum vera av stor verdi. 75 stader har Vold sett inn eit slikt teikn, og Bjorvand Bjørkøy spør med rette kvifor. Meir interessant er det at Vold rettar «slå» i diktet «Illusjon» til «stå». At eit hjarte slår mot livet, er vel meir aggressivt enn at det berre står mot? Vold har svart at han kan revurdera dette.

Perspektiv

No kan ein sjølvsagt underkasta Litterære kretsløp sitt eige perspektiv: Boka er laga av to litteraturforskarar. Den eine, Dingstad, er etablert professor, og han tar føre seg dei første åtte forfattarane. Det gjer han med mykje kunnskap og gode oppsummeringar i slutten av kvart kapittel. Han er kan hende litt akademisk tørr i skrivemåten, men eg tvilar på at det er turvande med mange revisjonar av teksten hans om det usannsynleg nok skulle vera behov for eit nytt opplag.

Den andre litteraturforskaren, Bjorvand Bjørkøy, er ein noko fersk førsteamanuensis som tar for seg dei siste sju forfattarane, basert på doktorgraden sin. I hennar tilfelle burde det nok koma revisjonar i det fiktive neste opplaget: Denne meldaren meiner at språket til litteraturforskarar ikkje bør bryta med språket til lesarane. Det som vert utforska, er ikkje kjernefysikk, men det tilværet og den kulturen vi alle er ein del av. Tekniske framandord er framandgjerande.

Eit sørgjeleg døme hos Bjorvand Bjørkøy er den stadige bruken av ordet kollasjon for å gje inntrykk av å vera vitskapeleg. Ho meiner at ho tar ein tekst frå ei utgåve og stiller han ved sida av tilsvarande tekst frå ei annan utgåve, og ser på endringar. Det hadde vore meir enn godt nok å berre snakka om «samanstilling» eller «samanlikning». Særleg dersom kulturministeren skal lesa boka.

Ekte litteraturnerdar vil derimot finna mykje interessant å gleda seg over hos båe forfattarane.

Arild Pedersen

Arild Pedersen er professor emeritus i filosofi og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språket til litteraturforskarar bør ikkje bryta med språket til lesarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis