Bok
Den einfaldige mordaren
Stilsikkert og lett absurd om det rotete og akk så forgjengelege livet vårt.
Yasmina Reza ein internasjonalt kjend fransk forfattar og dramatikar.
Foto: Pascal Victor
«Aldri meir» var ein slager på 1970-talet framført av Hege Tunaal med tekst av Hartvig Kiran, ein sår song om tapt kjærleik. Teksten er ekstra sterk fordi han òg formidlar kor brutalt forgjengeleg alt i livet vårt i grunnen er. På mange måtar består jo livet av éin lang serie «aldri meir».
Personane i Babylon er rundt seksti og har denne litt desperate kjensla av at alt snart er for seint, ein posisjon som gjer at dei står og vippar mellom resignasjon og panikk: «Noen dager får jeg alderen min rett i fleisen når jeg våkner om morgenen. Ungdommen vår er død. Vi blir aldri unge igjen. Det er dette ’aldri igjen’ som er så svimlende.» Når tragedien råkar, skjer det på like meiningslaust og rotete vis som alt anna i livet – og ein er like lite førebudd som ein var då ein var yngre.
Yasmina Reza er fransk dramatikar og skodespelar, mest kjend for å skrive satirisk teater der karakterane brått og uforvarande blir stilte overfor moralske dilemma. Eit av dei har også vorte transformert til den suksessrike amerikanske filmen, Carnage («blodbad»).
Lik på avvegar
Misforholdet mellom svære etiske utfordringar og «små» og hjelpelause kvardagsmenneske er ein velkjend og velbrukt tematikk, som utgangspunkt for både tragedie og komedie. Reza meistrar båe delar – på ein gong. Ein merkelapp som det har gått litt inflasjon i, høver godt på Babylon: Romanen er ein tragikomedie – eller ein satire, om ein vil.
Elisabeth, omkring seksti år, bur i ein forstad i Paris. Tilfeldigvis kjem ho stadig oftare i snakk med ein av naboane, Jean-Lino, som er italiensk innvandrar med kone og katt. Litt spontant arrangerer Elisabeth og mannen hennar ein vårfest med ganske mange gjester, og naboane kjem også. Det vert livleg og fuktig. Når alle gjestane har gått, kjem Jean-Lino attende og fortel at kona hans ligg død på soverommet i etasjen over, han har kvelt ho. Elisabeth forbarmar seg over drapsmannen i staden for å dømme og støyte han vekk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.